Eg las denne kronikken av Kristine Tofte i Dagbladet i dag, og den fekk meg til å tenke litt. No skal ikkje eg hevde at eg er noko stor kjennar av fantasy-sjangeren, det er ikkje stort meir enn eit år sidan eg fekk augene opp for fantasy (takka vere VGD, faktisk), og eg har heile tida tenkt at sjølvsagt er det best å lese fantasy på engelsk. Det er for øvrig fortsatt mi meining, men det er ikkje det som er poenget eg vil ta opp her.
Men om eg tenker meg om, har ein eigentleg så mykje anna val enn å lese på engelsk?
For nokre dagar sidan fekk eg ei tibodsavis om årets mammutsal i posten. Under seksjonen for fantasy var det (trur eg) lista sju bøker. Av ei avis på over tjue sider. Samtlege av fantasybøkene var ungdomsbøker. Kvifor er det slik at alt frå krim til kokebøker blir sett om til norsk, medan fantasybøkene i stor grad glimrar med sitt fråvær?
Eg vil tru det er mange som ville hatt stor glede av fantasybøker, men som manglar vilje eller ferdigheitar til å gje seg i kast med ein murstein på engelsk. Det er rart at forlagsbransjen ikkje er meir offansive på fantasyen sine vegne når ein tenker på kor populære vampyrar og trollmenn og liknade har vore på kino og TV i det siste.
Eller er det berre vi som likar fantasy som lar oss blende, og ikkje innser at folk flest ikkje delar vår begeistring?
Til slutt så må eg berre anbefale kronikkforfattar Kristine Tofte sin eigen fantsyserie, Song for Eirabu. Fullt på høgde med det beste frå utlandet!






