Våre regler
Hvis du leser innlegg på VGD du mener er i strid med våre regler (les reglene her) kan du trykke på dette symbolet over det aktuelle innlegget. VG Nett vil vurdere om innlegget skal fjernes.

Favorittfelespelar

NYTT TEMA
Zinklar
ZinklarInnlegg: 9574
12.08.10 17:37

Det finns mang ein diskusjon om kven som er favoritt ditt og datt, spesielt omhandlar diskusjonene gitaristar, trommeslagarar og andre born av Helvete; sjeldan ser eg ein diskusjon om kven som er folkets favoritt på fela, eller fiolin som det heitar i det kunstferdige borgarskapet. Fela er framleis eit instrument som setjast i hop av meistarar innafor felemakarfaget, og ofte er fela eit kunstverk i seg sjølv - i motsetnad til industrialieseringa og samlebåndets store son, sjølve inkarnasjonen av framandgjeringa av musikken, belgjespelet. Berre i Noreg finns det eit hopetal verdsklasse felespelarar, og heilt sikkert ein god del flinke fiolinistar òg, utøvarar frå både klassene dyktige på sitt og udyktige i den andre si klasse. Fela er heldigvis eit så utbreidd instrument at ein kan trakte utanfor Noregs grenser, grøss og gru! etter sin favoritt; du kan ta turen over Atlanteren og følgje musikktradisjonane til utvandrarane våre; du kan henge deg på lasset til sigøynarane og oppleve de fyrige tradisjonane som held med dei; du kan vandre frå konsertsal til konsertsal i de europeiske hugustadene og oppleve teknisk brillianse og nytolkning av eldgamle verk. Fela er Guds gåve til musikktradisjonanes mangesidigheit.

Det kan vera eit vonlaust føretak å velgje berre ein. Vel eg den allsidige skotten som kunne spela tradisjonelt materiale på sin eigne ville, såre, humoristiske måte, Johnny Cunningham; vel eg Hans W. Brimi, meistaren til å uttrykke kjenslelivet til dei som lev mellom Noregs fjell gjennom musikken som kom til han frå underverda vår; vel eg tradisjonskonservatoren frå Shetland, Aly Bain, som er så dyktig til å spele at han like så godt er vorte adla for det?

Eller skal eg velgja ein annan? Kva med Noregs folkelege musikktradisjons store faneberar, Myllarguten? Eller han som gav oss runddansen og bygdavalsen og spelte omtrent like hardt som han drakk, Fant-Karl? Eller Gudbrandsdalens store son, som både kunne spele og drekke fanten sjølv under krakken, Fel-Jakup?

Eg er framleis rådvill. Ein ting er eg i alle fall ganske så sikker på. Det er at dei store virtuosane i kunstmusikken skal få fred frå meg.

Zinklar
ZinklarInnlegg: 9574
12.08.10 17:41

Det blir sjølvsagt problematisk å trekkje fram dei som er under torva og har vore det lenge før eg dukka opp over dei, då ein berre har høyrd dei vorte spelt av andre. Hans W. Brimi ligg under torva, men fekk i alle fall opplevd ein tidsalder der dei kunne ta vare på det han spelte, og ikkje berre bli ein tradisjon spelt gjennom andre, støtt og stadig tolka og vridd på ny.

The_Loner
The_LonerInnlegg: 3662
12.08.10 21:18

Han felespelaren til Nick Cave, Warren Ellis, er vel ikkje så gale..Han er i alle fall morsosam å sjå spele.

Zinklar
ZinklarInnlegg: 9574
13.08.10 01:26

Warren Ellis er ein soleklar favoritt innanfor rocken. Hans framtreden er omlag like eineståande til Cunningham sin, og at han kan spele høyres jo på filmmusikken han lagar i lag med Cave.

New_Romantic
New_RomanticInnlegg: 1662
13.08.10 08:51

Min favorittfelespiller er helt klart Veslefrikk. Han hadde en helt unik evne til å trollbinde sitt publikum. Jeg har også sansen for Per Spelmann, som var så glad i felen sin at han byttet bort en ku for å få den tilbake. Da snakker vi keep it real.

(Innlegget ble redigert 13.08.10 08:51)

progman2
progman2Innlegg: 4287
13.08.10 09:47

Jean Luc Ponty, Mauro Pagani, Jascha Heifetz

Zinklar
ZinklarInnlegg: 9574
13.08.10 10:10
New_Romantic: Jeg har også sansen for Per Spelmann, som var så glad i felen sin at han byttet bort en ku for å få den tilbake. Da snakker vi keep it real.

Eg er òg svak for Per Spelmann, eller Per Kringelhaugen som han eigentleg heitte, i frå Lom. Det var ikkje alle forunt å vera sveinnen hass Fel-Jakup, men det sette sine spor, og Per Spelmann enda som mange andre spelmenn på den tida som ein fordrukken mann. Det er dei som ikkje likar Fel-Jakup som hevder at Per Spelmann var ein mykje gjevare spelmann enn han, og at mykje av Fel-Jakup-tradisjonen eigentleg er Per Spelmann-tradisjon.

Han enda sitt liv då ei avlaus øyk råkte han i hugu med bakføtene sine.

beranium
beraniumInnlegg: 5302
13.08.10 13:46

Aleksander Rybak og mesterverket Fairytale!

(Innlegget ble redigert 13.08.10 13:46)

JudasPriestFan
JudasPriestFanInnlegg: 1155
13.08.10 15:33

Uffff, Rybak...

Nåvel, bra original tråd må jeg si. Selv har jeg ikke fullt så god oversikt over fiolinister, men har fått sansen for Rachel Barton Pine.

 

DelPaca
DelPacaInnlegg: 3045
13.08.10 16:06

Annbjørg Lien. Norges flotteste kvinne.

JuksiTaxi
JuksiTaxiInnlegg: 2577
13.08.10 17:25

Eddie Jobson og Darryl Way.

Kill-To-Get-Crimson
Kill-To-Get-CrimsonInnlegg: 93
13.08.10 22:24

John McCusker i bandet til Mark Knopfler er meget dyktig.

InnocentBystander
InnocentBystanderInnlegg: 1794
14.08.10 00:21

Denne karen her virkar som han kan sine ting...

biermann
biermannInnlegg: 44706
14.08.10 20:11
Zinklar: Vel eg den allsidige skotten som kunne spela tradisjonelt materiale på sin eigne ville, såre, humoristiske måte, Johnny Cunningham; vel eg Hans W. Brimi, meistaren til å uttrykke kjenslelivet til dei som lev mellom Noregs fjell gjennom musikken som kom til han frå underverda vår; vel eg tradisjonskonservatoren frå Shetland, Aly Bain, som er så dyktig til å spele at han like så godt er vorte adla for det?

Skal ikke skryte på meg kunnskaper og lytteerfaringer nok til å kunne velge blant tradisjonsbærerne, men inna for en sjanger ihvertfall har hørt litt av er det en kar det er verdt å nevne sammen med Aly Bain, nemlig Dave Swarbrick. Ikke nødvendigvis fordi han er den "beste", det vet jeg som sagt ingenting om, men fordi han var så sentral både i den engelske "folk revival"-en på 60-tallet og i skapelsen av folk-rocken rundt 1970 i og med dette albumet.

(Innlegget ble redigert 14.08.10 20:11)

progman2
progman2Innlegg: 4287
14.08.10 20:29

Jeg nevnte Heifetz.  Her litt norsk musikk:

Zinklar
ZinklarInnlegg: 9574
06.09.10 10:29
InnocentBystander: Denne karen her virkar som han kan sine ting...

Det fyrste som slo meg var at han spelte som ein sigøyner. Det å spela fele som ein sigøyner er eit lite kompliment, og det gjorde at eg kom i haug denna russiske gjengen her, Loyko, som spelar litt av den folkemusikken ein kunne finne i keiserriket Russland, som for det meste var sigøynermusikk. Eg tør påstå at dei to på fele kan sine ting.

The_Loner
The_LonerInnlegg: 3662
07.02.11 17:40
Zinklar: Vel eg den allsidige skotten som kunne spela tradisjonelt materiale på sin eigne ville, såre, humoristiske måte, Johnny Cunningham

Det er vel den mannen som spiller sammen med Bill Morrissey på sistnevntes plater. Jeg har hørt meg gjennom de fleste av Morrisseys plater de siste dagene, og det slår meg hvor vidunderlig fiolinen hans passer til Morrisseys musikk. leser at noen har uttalt om Cunningham at han "Doesn't add to the music, he adds to the lyrics", noe som vel sier noe om hvordan han får fiolinen til å låte.

(Innlegget ble redigert 07.02.11 17:42)

Siste innlegg