Våre regler
Hvis du leser innlegg på VGD du mener er i strid med våre regler (les reglene her) kan du trykke på dette symbolet over det aktuelle innlegget. VG Nett vil vurdere om innlegget skal fjernes.

Lillegull

NYTT TEMA
Oziris
OzirisInnlegg: 312
27.05.02 23:18
Leste nettopp gjennom Skrues liv og levnet, har nettopp også lest "oppgjør i Bløff" og "skippern på Cutty Sark". Det virker som om hesten Lillegull har en veldig viktig rolle i Skrues liv, i hvert fall i den perioden han var Cowboy. Men så dro han hjem for å redde familieslottet og hesten er ute av livet hans.
Tviler på at Skrue ville skilles så lett med en så god venn. I mange tilfeller fungerer jo hesten som en slags forlengelse av Skrue selv.

Bare lurte på om noen vet hvor den ble av, om jeg har misset en historie lerr et utsagn eller noe. Eller kanskje Don Rosa har planer om en historie som forteller oss noe.

På forhånd takk

-Oziris
harryklein
harrykleinInnlegg: 1212
10.06.02 23:19
Vel, handlinga i "Oppgjør i Bløff" skjer ETTER at Skrue har vore heime og berga familieslottet. Ein stad mellom del 6 og del 7.

I Skrues Liv del 4 kjem Lillegull med tankeutsagnet "Jeg slutter!" og går bort. At Skrue hadde Lillegull med seg i Bløff var difor ei hyggeleg overrasking. Men dette var vel berre eit plutseleg utbrudd og ikkje særleg seriøst meint.

Sjølv trur eg at grunnen til at Lillegull forsvann er at Skrue byrja å reise rundt i verda. Det hadde vore både vanskeleg og dyrt å ta med seg Lillegull til Rannoch More, til Transvaal, til Vest-Australia... Difor er Lillegull berre med i dei eventyra som finn stad i USA. Unntaket er Cutty Sark, men dette var på den tida Skrue var cowboy, og han var sjølvsagt veldig avhengig av hesten på den tida. Hovudgrunnen til at han i det heile tatt dro til Indonesia var jo å selje Longhorns!

Lillegull var ikkje med til Klondike for å grave etter gull, dette kan ha fleire grunnar. Eg veit ikkje nok om hestar til å vere sikker, men dette er mine teoriar:
1. Lillegull var daud.
2. Lillegull var for gamal.
3. Klimaet i Alaska var for kaldt for ein hest som Lillegull.

Kvar var Lillegull medan Skrue var ute og reiste? Vel, her tippar eg på at ho var saman med gamle vener (altså kyr og hester) hos Murdo McKenzie, som vi møtte i SL3. Her levde jo Lillegull berykta under namnet "Enkesmeden" sidan lenge før ho møtte Skrue. Så her vil eg gjette at dei var svært glade for å kunne ta seg av Lillegull, og ho fekk sekkert hjelpe til med ein del der og. Personleg trur eg og at det var her Lillegull døydde.

Andre som har teorier om dette?


O.L.A.F.S.O.L.S.T.R.A.N.D *)
www.andebyonline.com

*) Omdiskutert, Levande Andeby-Fan, Sørtrønder, Overmenneske og Legende, Sjelden Tåpelig og Rar, men Andebyengasjert og Nysgjerrig til Dommedag
TantePederKåre
TantePederKåreInnlegg: 739
16.06.02 16:14
Unnskyld Olaf, men det var bare Skrue som klarte å holde styr på Lillegull!


I'm here to serve...

...and to insult people!
harryklein
harrykleinInnlegg: 1212
17.06.02 23:53
Før eg skriver noko som helst vil eg berre seie at dette er mitt innlegg nummer 500, og så kaste meg på ein bølge av applaus over meg sjølv, eit slikt jubileum er ikkje noko å kimse over - sjølv om mange har mykje meir, er eg stolt over å ha skrive såpass mykje som 500 innlegg. Dei fleste av dei har vore veldig seriøse innlegg, og eg vil tru at eit stort fleirtal har vore her i teikneserieforumet.

VAR det berre Skrue som klarte å halde styr på Lillegull? Til å byrje med, ja. Hesten var vill, gjekk under namnet "Enkesmeden", og ingen greidde å temme ho. Når Skrue greidde det, blei Lillegull sjølvsagt medgjerleg ovanfor andre og. Tenk berre på båtturen til Java - Skrue og Lillegull var ikkje saman heile døgnet då. Det var andre som tok seg av det daglege stellet av Lillegull, og det gjekk jo fint?

Slik eg oppfatta det var det Skrue som "temma" Lillegull. Men det tydar ikkje at han er den einaste som kan halde skikk på ho no som ho faktisk er tam.

Men dette er kanskje eit diskusjonsspørsmål? :)



O.L.A.F.S.O.L.S.T.R.A.N.D *)
www.andebyonline.com

*) Omdiskutert, Levande Andeby-Fan, Sørtrønder, Overmenneske og Legende, Sjelden Tåpelig og Rar, men Andebyengasjert og Nysgjerrig til Dommedag
sisteboss
sistebossInnlegg: 239
29.06.02 13:45
"harryklein skrev:

Andre som har teorier om dette?"

min teori; don rosa giddet ikke å ha med lillegull noe mere, og han gidda ikke å mekke en orntli avslutning heller. så han bare slutta å tegne lillegull
harryklein
harrykleinInnlegg: 1212
29.06.02 18:19
sisteboss: Det tvilar eg på. Å ikkje gidde noko er eit framandord for Disney-forfattarar. Det seier seg sjølv at på eit eller anna tidspunkt måtte Lillegull ut av Skrues Liv - for det første fordi Lillegull er ein hest, og hestar lever ikkje like lenge som mennesker (eg berre gjettar, og eg har ikkje spurt ein hesteekspert). For det andre fordi Skrue ikkje har Lillegull i dag. At Don Rosa ikkje _gidda_ å ha med Lillegull meir er ei obskøn gjetning. At vi ikkje får nokon skikkeleg avslutning, er kanskje fordi dette er ein slik detalj som ikkje _trenger_ ei skikkeleg avslutning? Seier det seg ikkje sjølv at då Skrue reiste rundt i heile verda, hadde det berre vore stress å drasse med seg ein hest - bortsett frå Indonesia-turen, som han faktisk dro til i sin tid som cowboy? Lillegull er Skrues uslåelege sidekick på Vill Vest-eventyra hans. Men at ingen veit kvar det blei av Lillegull etter det, treng ikkje å ha noko å gjere med latskap hos forfattaren. Men kva som skjedde med Lillegull er ein unødvendig filledetalj, som nokre av oss er interesserte i å vite fordi vi vil vite _alt_ av relevans, og som normale menneske ikkje grublar over (sorry til alle mine likesinna som eg nettopp har stempla som "unormale", men innrøm at vi som lurar på slikt, _er_ spesielt interesserte!). Og ettersom Skrues liv handlar om _Skrue_ og ikkje _Lillegull_, er det vel ikkje latskap berre fordi Lillegull forsvinn ut av livet hans på eit tidspunkt kor det berre er naturleg at Lillegull forsvinn ut av livet hans.

Forresten: Viss Don Rosa ikkje hadde gidda å teikne Lillegull lenger, synest eg det er merkelig at han faktisk gadd å teikne alle dei andre tinga som Skrue ridde på fordi han ikkje hadde med seg Lillegull - kamelar, løver, sjiraffar, elgar osb.



O.L.A.F.S.O.L.S.T.R.A.N.D *)
www.andebyonline.com

*) Omdiskutert, Levande Andeby-Fan, Sørtrønder, Overmenneske og Legende, Sjelden Tåpelig og Rar, men Andebyengasjert og Nysgjerrig til Dommedag
Klikk for å gå tilbake til toppen