Våre regler
Hvis du leser innlegg på VGD du mener er i strid med våre regler (les reglene her) kan du trykke på dette symbolet over det aktuelle innlegget. VG Nett vil vurdere om innlegget skal fjernes.

Habana Eva

NYTT TEMA
valoto

Innlegg: 7919
valoto
07.08.11 11:10

Ein sur norsk kritikk har nok drepi denne kubansk-fransk-venezuelanske samproduksjonen frå 2010 med premiere i Oslo nyss. Vi var tre i salen på Ringen laurdag...

Filmen er deilig umoralsk; erotikk vert sett på som ei kjelde til glede og ein kunst, monogami er eit hinder for full livsutfalding.. I sentrum står den unge fabrikksyersken Eva og byen Havana. Den kvinnelege venezuelanske regissøren, Fina Torres,  er nok litt forelska i båe, mest i Havana skulle ein tru. For dei som har vori der, er filmen ei herleg gjenoppleving først og fremst av det gamle sentrum. Ein opplever også litt søramerikansk magisk realisme med ein hjelpsam attergangar (gjenferd) i den lettliva venninna Teresa sin skapnad. I levande livet var ho juristutdanna, men som mange kubanske yngre kvinner fann ho større hugnad og forteneste i anna halvprofesjonell verksemd. 

Filmen har sine svake sider; delvis overspel og ikkje heilt gode prestasjonar jamvel frå ho som har hovudrolla. Mennene er sukkermenn slik visstnok kvinner likar. Ho som er sjef på fabrikken, er ein rein karikatur av ein  gamalkommunistisk byråkrat, som skreddersydd for å bana veg for Raoul Castros satsing for meir privat intitiativ. Ein saknar også ein sensuell, gjennomført rytme i filmen. Men når dette er sagt, er Habana Eva eit oppfriskande innslag i kvardagen. Filmen får ein til å drøyma seg bort til andre breiddegrader der folk tek lettare på tilveret og veit å nyta dagen..

Gå og sjå han før det er for seint!!

Klikk for å gå tilbake til toppen

Siste innlegg