Våre regler
Hvis du leser innlegg på VGD du mener er i strid med våre regler (les reglene her) kan du trykke på dette symbolet over det aktuelle innlegget. VG Nett vil vurdere om innlegget skal fjernes.

Har kvinnen i 2007 det bedre enn på 1930-tallet?

NYTT TEMA
darkstud
darkstudInnlegg: 730
02.10.07 23:21
Under er et innlegg jeg skummet over i en lokalavis. Jeg trodde først forfatter av teksten beskrev livet for kvinnen i Iran eller Norge anno 1880, men det er faktisk forfatters virklighetsoppfattning av kvinnen i Norge 2007

"Kvifor er det så få kvinner i kommunestyra?


Spør du ei ung kvinne i dag om ho er for kvinnesak, svarar ho oftast at nei, det er ho ikkje. Men ho er for lik løn for likt arbeid.
Då kvinnesaka vart populær her i landet, var den tida sekstiåttarane vakna til liv og sette farge på landskapa. Det var då dei tok til å snakke om barnehagar og arbeidsplassar for kvinner. Kvinnene gjekk i tog på åttande mars og første mai, og tok kanskje småungane med seg. Og menn stilte op i toget med småungar på herdane. Det vakte ofseleg åtgaum og mykje hån og hakking. Raudstrømpe vart mest eit skjellsord. Jau høgrekreftene har visst å mobbe dei som ville forandre samfunnet på noko vis.
Eg hugsar godt dei politiske debattane frå den gongen, for det var harde duellar då eg skulle inn i fylkestinget. Det var svært mange menn som hadde slikt atte’lit for at kvinnene kom til å ta arbeidsplassane som ungdomen skulle ha. Og det var svært mange, både menn og kvinner, som var i mot barnehagar. Særleg var det mange frå sentrumspolitikken og frå eit visst kristeleg parti, mellom anna han som vart fylkesordførar , som var så overtydde om at borna kom til å verte fark og fant, om ikkje mora heldt seg til husa. Kvinna sin plass er først og fremst i heimen, proklamerte fylkesordføraren på radio. Og mange av kvinnene sa seg samde, endå fleire av dei alt var ute i arbeidslivet og ikkje kunne tenkje og seie opp jobben. Jau, der var nokre som tok sin ”kristendom” så alvorleg at dei prøvde å slutte i jobben og gå heim og vere mannen underdanig, for det var toppen på kristeleg åtferd, var det likt til. Men det vart fort eit sakn når løna vart borte. Det er ikkje så lett å leve av gudsfrykt og luft, heller.
Det hende seg at eg vart sitjande i ein flokk kvinner og forsvare yrkeskvinnene mot seg sjølve, som den einaste heimeverande husmora i flokken.
Så fekk vi fleire arbeidsplassar, mellom anna i det offentlege, og jentene for av garde for å søkje jobb, også dei som hadde vore så fortørna på kvinner som ”let mannen kome heim til tomt hus”, og ikkje stod parat med varme tøfler og ferdig middag.
Når det der i mot gjaldt ei einsleg mor, då var det hakkande gale at dei fekk hjelp frå samfunnet, og ikkje kom seg ut i arbeidslivet.. Det er å sy puter under umoralen, hugsar eg nokre sa. For unge folk no, tykkjest dette sikkert eldgamalt og heilt bort i veggene. Men er det så frykteleg lenge sidan sytti og åttiåra? Dei som hadde slike meiningar den gongen, lever i beste velgåande, mange av dei, og somme er i politikken i dag. Åttande mars er sakte blitt populær, men du finn ikkje mange menn der. Dei har ikkje bruk for å høyre noko om likeverd og likestilling. Så vert åttande mars ein slags kvinneforeningsdag med frelse for dei som inga frelse treng.
Men sjølvsagt har ein endra, om ikkje synet, så i allefall uttrykksmåtane, på nokre tiår. For i dag er alle parti for barnehagar, i allefall i praten. Men så stikk hoven fram, og klamrar seg til kontantstønaden, som har fått namnet valfridom, og lovnader om å auke den til dei store høgder. Så har ein då likevel streva svært med å få kvinner inn på dei politiske listene. Det strevet har Frp meint var berre tull. For dersom ei kvinne var kvalifisert og ville inn i politikken, skulle ho komme der og konkurrere på like vilkår med dei mannlege. Noko slags kvotering skulle ein ha seg fråbedd. Difor er det noko patetisk, når dei no kjempar så hardt for å få kvinnelege ordførarar og formannsskapsmedlemer av slike som ein i gamle dagar kalla listefyll.
Men det skal eit stort mod å bruke bein og olbogar og kjempe seg fram i ein mannsbastion, dersom du då ikkje frå før kan skilte med ein høg status. Det er ikkje tilfeldig at det var fem-seks ordførarkandidatar av mannekjønnet, på Hareid, ved valet i år.
Kvinnene har så tynn ei røyst, det er så lett å berre flire åt dei, eller erklære dei som hysteriske eller dumme. Dei er jo pene å sjå på, somme av dei. Det kan også brukast mot dei. Eller dei er for tjukke. Det er liksom ikkje så ille med ein tjukk mann. Teier dei i forsamlingane er dei ubrukelege, og engasjerer dei seg, er dei masekråker, skravlebøtter, totkverner, tullhøner, kjeftauser o.s.b. Det finst jo så stort og rikt utval av negative kalleord, når det gjeld kvinner.
Difor må kvinna tileigne seg mannen sine karaktereigenskapar, skal ho få respekt. Lenge trudde mange jenter at dei måtte drikke og røyke, kanskje banne og kunne nokre grovisar. Men det kunne slå også gale ut. Fann dei ikkje middelvegen, vart dei fort til lått og forakt, då og.
Men vi har høyrt alle argumenta mot å ha nok kvinner på listene.
Det er ikkje første gongen det har vore for få kvinner i kommunestyra, men den gongen eg sat der, vart det høglydt sagt at dei brydde seg katten om refsen frå likestillingsombodet. Same året la dei ned likestillingsnemnda.
Kvinnene vil ikkje, heiter det. Kvinnene har skulda sjølv, seiest det.
Det er berre ikkje sant. Heile oppsedinga , tradisjonar og vane , heng i som om det skulle vore genbestemt. La oss også hugse det når det gjeld innvandrarar frå andre kulturar, klededrakter med tildekking av ansiktet, kjønnslemlesting og andre merkelege og lugubre ting. Det er ikkje gjort i ei handevending å endre gamle inngrodde skikkar. Ei anna sak er det at kvinner alltid har vore knytt til omsorgsyrke. Størstedelen av dei yrkesaktive er også i dag knytt til ” trøyste og bere ”yrka . Folk få vondt samvit, når dei bryt skrivne og uskrivne lover, om dei er aldri så meiningslause. Og menn har ofte lite til overs for akkurat arbeid som omfattar pleie og omsorg. Det er høgt opp og langt fram før det er noko slags likestilling i pleie og omsorgsektoren. Noko anna er ikkje å vente, dei fleste gutar har sleppe lett unna slikt, i alle fall dei som er i den alderen då dei skal gjere karriere innanfor politikken. Kanskje ein burde byrje med kvotering, der og? Religionen
darkstud
darkstudInnlegg: 730
02.10.07 23:23
(fortsettelse) r og? Religionen er dessverre med og sementerar dei mest fornedrande og skadelege skikkar, og held fordomane ved like. Ikkje for di vi har ein tyrannisk gud, korkje vi eller andre, men for di reglar og bod er menneskelaga, for å kunne råde og kommandere over dei som er veikare, og gjere livet lettvint og behageleg for dei sterke og rike.
Dette gjeld heilt ned i dei små kommunane i utkantane. Restar av den undertrykkinga som pengevelde og religion, militærmakt og egoisme har skapt, lever sitt liv, også i politikken.
Så må ein lage lover som hindrar at desse gamle fordomane får vekse seg fram i gjen. Vi må ha påboden kvotering på listene, skal vi verte kvitt elendet.
Og stod det til meg, skulle ein sanneleg ha kvotering også i kyrkja, mellom prestar og biskopar. Men det skal eg kome tilbake til seinare.

link til diskusjonsforumet teksten er sakset fra: http://blog.vikebladet.no/cps/showart?id=4869#comments
enigma_undercover
enigma_undercoverInnlegg: 6741
03.10.07 23:29
Les "Ideologi, myter og tro på slutten av et århundre. Sosiologisk kulturteori og funksjonsanalyse" av Sigurd Skirbekk (professor emeritus i Sosiologi/UiO). ISBN: 82-518-3805-3.

Han har skrevet om "Familieform og funksjonalitet" , og har omfattende og innholdsrik redegjørelse for dette fenomenet du beskriver.

Om du ikke vil kjøpe boken (eller for den saks skyld har den allerede), kan du be biblioteket om å skaffe den for deg.

Skirbekk har evnen til å beskrive slike epokerelaterte fenomener inn i en større sammenheng, nemlig den sosialistiske individualliberalismen.

Anbefales!

e_u
Klikk for å gå tilbake til toppen

Siste innlegg