Skreiv du feil med vilje?
Samanlikning med fransk, tysk eller engelsk er greitt nok, men det strekk ikkje alltid til. Norsk har ein del eigne seiemåtar (som blei ståande og tenkja) .
Beste reglen er å halda seg til at og skriv ein mellom to like(verdige) ledd: Sol og sumar, gamal og grå. Men også mellom to likeverdige infinitiv jamvel om det eine berre er underforstått: Han skal (gå) ut og eta. Såleis også: Ut og reisa
Ved presens partisipp er det også tale om likevedige ledd: Han blei ståande og tenkja. Det tilsvarar han stod og tenkte.
Å nyttar ein berre ved infinitiv og når det er underordning:Såleis kan det stå å mellom to infinitiv. Han skal byrja å læra latin. Her er det ikkje likestilling, Han skal læra og byrja latin, gjev inga meining.
Han skal vaska og lakkera bilen. Her har vi og mellom to likestilte infinitiv jamvel om det kan bryta med logisk sans (tidsrekkefylgje)
Valfridom har ein i uttrykk som vera med og gjera/vera med å gjera eit eller anna. Mange oppfattar det som ei handling (difor å): vera med på å gjera noko. Andre meiner visst det dreier seg om to ulike ting, fyrst vera med og så gjera eit eller anna.