Våre regler
Hvis du leser innlegg på VGD du mener er i strid med våre regler (les reglene her) kan du trykke på dette symbolet over det aktuelle innlegget. VG Nett vil vurdere om innlegget skal fjernes.

Fårlege institusjonsborn

NYTT TEMA
Langveg
LangvegInnlegg: 15754
27.07.17 08:01

Igjen har ei institusjonsjente under "vern" av barnevernet drepi. Basrnevernet har tatt over 50 000 ungar ut av foreldreheimen. Det gjer det visstnok til beste for barna.. Når to slike vert drapskvinner, kan ein undra på om Barnevernet alltid veit kva det gjer. I desse tilfella kunne det i alle fall ikkje ha gått verre om Barnevernet hadde synt seg litt mindre ihuga i å "verna" og "hjelpa". Bør det siste drapet på Sørlandet få konsekvensar for norsk barnevernspolitikk?

casino
casinoInnlegg: 1870
17.08.17 10:58

Har du noe dokumentasjon linker til disse ?

Den generelt dålige norskkunskapen barnevernet besitter har forårsaket "justismord" at mange barn tas fra familien sin uten grunn

 

(Innlegget ble redigert 17.08.17 11:00)

serk
serkInnlegg: 1824
15.08.18 20:14
Langveg: Igjen har ei institusjonsjente under "vern" av barnevernet drepi. Basrnevernet har tatt over 50 000 ungar ut av foreldreheimen. Det gjer det visstnok til beste for barna.. Når to slike vert drapskvinner, kan ein undra på om Barnevernet alltid veit kva det gjer. I desse tilfella kunne det i alle fall ikkje ha gått verre om Barnevernet hadde synt seg litt mindre ihuga i å "verna" og "hjelpa". Bør det siste drapet på Sørlandet få konsekvensar for norsk barnevernspolitikk?

Eg har brukt deg som nynorsk-vegleiar før, trur eg. Er det respektlaust av meg å kome med korreksjon/spørsmål ved språket ditt, sjølv om dette er utanfor temaet ditt? Eg tek uansett sjansen.

For det første, kvifor veljer du å avvike frå "standard" nynorsk og heller bruke ei dialektform av ordet "farlege"? (fårlege) Meiner du at fleksibiliteten i nynorsk rettskriving er eit gode?

Kvifor nyttar du i-ending? Er ikkje det antikvarisk nynorsk? (drepi)

Og til slutt: Kan du seie meg når ein skal bruke a-ending og når ein skal bruke e-ending i nynorsk? T.d. skriv du verna og hjelpa. Kvifor ikkje verne og hjelpe?

På førehand takk for svar!

TollefTruls
TollefTrulsInnlegg: 5296
22.08.18 14:56
serk: Er ikkje det antikvarisk nynorsk?

Svært mange vil vel hevde at nynorsk i seg selv er antikvarisk. Sorry for spore av tema til Langveg.

serk
serkInnlegg: 1824
22.08.18 20:06
serk: Eg har brukt deg som nynorsk-vegleiar før, trur eg. Er det respektlaust av meg å kome med korreksjon/spørsmål ved språket ditt, sjølv om dette er utanfor temaet ditt?

Tolker ditt manglande svar som eit "ja" og kan forstå det. Eg orsakar. Temaet ditt har fått lita respons óg. Skjøner at du kan ha vorten sur.

serk
serkInnlegg: 1824
05.09.18 21:51
Langveg: I desse tilfella kunne det i alle fall ikkje ha gått verre om Barnevernet hadde synt seg litt mindre ihuga i å "verna" og "hjelpa". Bør det siste drapet på Sørlandet få konsekvensar for norsk barnevernspolitikk?

Viss bornevernet gjer so store feil som du seier, trur eg dei ville ha vore soge no! Tenk på samar og tatrar! Dei he hatt bornevernet over seg i ti-år!

Orsak om eg he øydelagd tråden din. Det var ikkje meininga. (Eller "meiningi" som du ville ha sagt.).

Men heilt ærleg: Er eg eit dårleg menneskje, etter di meining? Eller får eg tilgjeving i følgje den sunnmørske bibel?

serk
serkInnlegg: 1824
03.10.18 21:06
serk: Og til slutt: Kan du seie meg når ein skal bruke a-ending og når ein skal bruke e-ending i nynorsk? T.d. skriv du verna og hjelpa. Kvifor ikkje verne og hjelpe? På førehand takk for svar!

Kvifor svarar du ikkje på dette? Veit du det ikkje? Dette spørsmålet har loge som ein uro i mi umedvete lenge! Antageleg må eg ringje norsk-læraren frå ungdomsskulen min for å få sjelero. Men det hadde no vore fint om du hadde løyst problemet mitt på staden, ved å svare! Elles har eg stor respekt for deg, og meinte ikkje å blokkere tråden din med mi urøynsle-tale. Orsak.

Klikk for å gå tilbake til toppen

Siste innlegg