Våre regler
Hvis du leser innlegg på VGD du mener er i strid med våre regler (les reglene her) kan du trykke på dette symbolet over det aktuelle innlegget. VG Nett vil vurdere om innlegget skal fjernes.

Åleine i Andes - Nytt frå sør-amerika

NYTT TEMA
carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
19.06.10 15:52

Alt for lite nytt frå sør-amerikansk fotball på VGD. Eg lager denne tråden i eit forsøk på å gjera noko med det. Av språklege grunnar blir det nok mindre om Brasiliansk fotball enn det burde, og det er sjølvsagt ein klassisk overfokusering på fotballen frå Rio de la Plata traktene. Nok intro, meir nytt:

Frå Ecuador meldes det at tidlegare Argentinos Jrs, Gimnasia LP og DC United spelar og vinner av "Gay Icon in Argentinian fotball 2009", Franco Niell, er utestengt frå Ecuadoransk seriespel i 6 månader etter å ha blitt utvist i lokaloppgjøret mellom Deportivo og Liga frå Quito forrige helg. Niell blei utvist for å ha "dunka" dommaren i ryggen i følge kamprapporten på nettsida Ecuagol (som dekker alle dine behov for Ecuadoransk fotball ifølge reklamen). På dommarkortet blei hendinga registrert som "overfall på dommaren" og fotballmyndighetene valgte å straffa den lille argentinaren (1.63 utan skruknotter). Dårlige nyheter for Niell, som skulle ha prøvespelt for Argentinos Jrs, med tanke på ein eventuell overgang tilbake til moderklubben. Prøvespelet og overgangen er satt på vent medan ein prøver å finna ut kva konsekvensar utestenginga får for spel i Argentina og i dei sør amerikanske cupane.

Den nye Totti kan bli den nye Maradona. Den italienske 12åringen Francesco Serafina, som raskt blei omtalt som den nye Totti då han spelte for U12 og U15 laget til den italienske hovedstadsklubben, har meldt overgang til argentinsk fotball. (Skal tru om det er pga kontraktsreglane for unge spelarar i Italia?) Ny klubb for talentet er Argentinos Juniors som er kjente for talentutvikling. (Virker ikkje den linken, ligg det ein litt eldre video her.) Frå før av har klubben m.a produsert spelarar som Maradona, Redondo, Sergio Batista og Juan Roman Riquelme.

Juan Roman Riquelme er forøvrig linka til Argentinos. Det ser ikkje ut til at spelaren blir enig med Boca om ny kontrakt, og sjølv om engelsk presse spekulerer i ein overgang til West Ham kan mykje tyda på at det ikkje blir noko av den dealen. Riquelme er sitert på uttalelsar om at "han har nok pengar" og at han ikkje har lyst til å flytta familien bort frå BsAs.

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
19.06.10 16:21

Og Bocas nye Manager "Bichi" Borghi er igang med å forsterka laget. Banfield keeper Cristian Lucchetti er henta på lån, med opsjon på kjøp. Forsvarspelaren Juan Manuel Insaurralde, som var i den argentinske 30 mannstroppa før VM, er henta frå Newells og midtbanespelaren Damian Escudero har blitt lokka "heim" til Argentina frå den spanske klubben Villareal.

Boca er også i forhandlinga med chilenaren Alvaro Ormeño, som ikkje lenger er bunden av kontrakten med Gimnasia, og med Argentinos Juniors om ein overgang for Matias Caruzzo. Siste bud ifølge Argentinos-kjelder på 2 millionar dollar samt prosentar av ein eventuell seinare overgang til europeisk fotball. Ifølge Olè vurderer også klubben eit bud på Estudiantes Christian Cella

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
19.06.10 17:10

Fin oversikt over laga i Ecuadoransk Serie A. (På spansk)

MrJuve

Innlegg: 2485
MrJuve
19.06.10 19:11

Alltid gøy å høre om, for de fleste, ukjente fotballhendinger:)

Har nylig vært i mellom-amerika i et par måneder, og om du følger med, har du hørt noe nytt fra Guatemalsk ligafotball i det siste?

Håper på mer aktivitet i denne tråden, ettersom det ikke er ofte man har mulighet til å få nærmest direkte informasjon fra der det skjer når det handler om sør/mellom-Amerika:)

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
19.06.10 19:50

Kan ikkje sei eg har høyrt mykje om fotballen i Guatemala, korkje før eller i det siste. Min kunnskap strekk seg til å vita at dei er ein av ligaene der det speler eit Peñarol-lag. Skulle det derimot dukka opp noko, skal eg posta det i tråden med ei gong.

Fekk du med deg nokre kampar medan du var i landet?

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
21.06.10 13:40

Skal vel godt gjerast å presentera hendingar frå 1930-talet som nytt, men eg gjer det likevel. Ein historie om krig, sigarettar og fotball er for interressant til å la ligga.

I 1932 braut Chaco-krigen ut mellom Bolivia og Paraguay. Krigen, som var den blodigaste i sør-amerika i det 20 århundret, handla om kontroll over Grand Chaco regionen, som det feilaktig blei trudd inneholdt store oljeforekomstar.

For å skaffa pengar til arbeidet sitt under krigen sendte Paraguayansk Raude Kross eit fotball-lag til Argentina for å spela oppvisningskampar. På dette laget spelte Club Nacional spelaren Arsenio Erico. Han imponerte kraftig med sitt spel i desse kampane, og blei signert av den Argentinske storklubben Independiente.

Her blei spissen ein stor suksess, og Erico scora 293 mål i løpet av dei 325 kampane han spelte for klubben. Det er nok mål til å gje Erico tittelen som tidenes målscorar i Argentinsk fotball. Det kunne faktisk blitt meir. I 1938 utlova ein tobakksprodusent ei belønning til den spelaren som klarte å scora 43 mål i løpet av sesongen, som eit ledd i ein reklamekampanje for sigarettmerket Cigarrillos 43. To kampar før slutt hadde Erico scora 43 mål, og han har seinare inrømma å ha unngått å scora mål dei to siste kampane for å vinna pengepremien.

Ikkje at det ser ut til at pengar var den største drivkrafta for Erico. Då Argentina ville setta samman eit slagkraftig lag før VM-38 tilbaud dei Paraguayanaren 200 000 pesos (ein ny bil av siste merke kosta ca 5000) for å skifta nasjonalitet men han ville ikkje. For denne oppførselen blei han høgt beundra, både i Paraguay og Argentina, og han fekk kallenavnet "Paraguayanaren av Gull".

12 august 1934 scora han eit legendarisk mål mot Boca Juniors. Eit innlegg blei slått inn mot Erico som stupte fram for å heada ballen i mål, men ballen var litt for høg og Erico traff ikkje med hovudet. Som han fauk forbi og under ballen brukte han istaden hælen til å få ballen i mål, og blei med den første som scora eit mål med det som mange ti-år seinare blei kjent som "skorpion-sparket".

For å sitera Alfredo de Stefano; "for meg, ein sjonglør i eit cirkus, er han ein kunstnar. Orsak, ein STOR kunstnar"

Kasteball_2

Innlegg: 20073
Kasteball_2
21.06.10 14:39

Ser ut som det skjer en god del også hos River Plate allerede nå. Manager for neste sesong er Angel Cappa, som vi best husker fra kanonsesongen i Huracan da med Javier Pastore og den savnede Matias De Federico. Passarella og resten av klubben jobber hardt for å gi Cappa det beste utgangspunktet før sesongstart. Dermed har man singnert og lånt en del spillere.

Juan Pablo Carrizo var første mann ut, en dugelig målvakt som vi kjenner fra landslaget og Lazio. Vender tilbake til River Plate på lån etter en sesong i Lazio og en i Zaragoza. Så har man sikret seg Jonathan Maidana, tror det også her handler om et lån fra den ukrainske klubben Metalist Kharkiv. Fra samme klubb har man også kjøpt Walter Acevedo. Så har man sikret seg Carlos Arano etter et år i Hellas for Aris, dette er mann Cappa kjenner godt. Så har man sikret seg Udinese-spissen Leandro Caruso på lån. Dette er mann jeg husker godt fra den gode sesongen i Godoy Cruz hvor han bøttet inn med mål. Tipper Udinese aldri kommer til å få bruk for Caruso, en av de rareste kjøpene jeg kan huske. 88-modellen Josepmir Ballon skal også være klar for River Plate. En spennende ung spiller fra Peru, som allerede har fått noen kamper for landslaget. Ser spennende ut for River Plate dette, men man må også rydde opp i troppen og kaste ut spillere som Almeyda.

Har du en side som viser oversikten over overganger i Argentina, carcelero?

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
21.06.10 15:21
Kasteball_2: oversikten over overganger i Argentina

Eg leiter sjøl etter ei slik side, men har ikkje funne ei ennå. Det går vel an å håpa at ESPN si side blir oppdatert meir regelmessig når VM er over?

http://soccernet.espn.go.com/transfers/transfer?leagueId=1&year=2010&month=6&cc=5739

Det same gjeld for Wikipedia. Satser på at det dukker opp ei slik for årets sesong også:   http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_Primera_Divisi%C3%B3n_Argentina_football_transfers_%282009%E2%80%9310%29

Skal forhøyra meg på Argentinos-bloggane om nokon av dei veit om ei side

(Innlegget ble redigert 21.06.10 15:22)

Kasteball_2

Innlegg: 20073
Kasteball_2
21.06.10 15:53
carcelero: Skal forhøyra meg på Argentinos-bloggane om nokon av dei veit om ei side

Du får gi beskjed om du finner noe. Mener å huske at TycSports også hadde en sånn, men jeg finner den ikke nå.

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
21.06.10 16:19

Har ikkje fått sjekka kor gode sida er, men kanskje denne er brukbar: http://www.goal.com/es-la/scores/transfer-zone?lid=252

Fant ellers desse to sidene om overgangsmarkedet i Argentina. Om eg får tid og tiltakslyst (og informasjonen er brukbar) legg eg ut ein oppsummering på norsk litt seinare.

http://www.la-redo.net/money-money-29818/

http://www.la-redo.net/money-money-ii-30240/

Kasteball_2

Innlegg: 20073
Kasteball_2
21.06.10 17:30

Denne går jo også ann å bruke:
http://www.transfermarkt.de/de/torneo-apertura/transferuebersicht/wettbewerb_ARG1.html

Federico Insua skal vist spille i Bursaspor neste år.

Nordino

Innlegg: 8548
Nordino
22.06.10 03:29

Kongetråd! Reiste fra Argentina i mars og har ikke fulgt særlig med på fotballen der nede siden det, men denne tråden er jo midt i blinken! Skal heldigvis ned igjen i august.

Er du argentiner, carcelero? Artig nick, forresten :)

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
22.06.10 12:39
Nordino: Er du argentiner, carcelero? Artig nick, forresten :)

Er nok ikkje så mykje latino med denne karen nei. Traust og treig vestlandsk bondeblod i årene i minst 7x7 generasjoner bakover. Nicket har eg tatt frå Club Atletico General Lamadrid (artig navn for oss som snakker med blaute konsonantar må vita). Ganske logisk kallenavn på klubben sidan nærmaste nabo er eit fengsel. Anbefaler alle som er i BsAs å få med seg ein Lama kamp, og "meiningsutvekslingane" mellom fangane og "fangevokterane".

Lama Capo!

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
22.06.10 14:27

Banfield president Carlos Portell has confirmed that two of the club’s players, playmaker Walter Erviti and youngster Federico Sardella, have tested positive for a banned substance in CONMEBOL’s tests after the club’s elimination from the Copa Libertadores at the hands of Internacional (yeah I know, how long’s that taken?!). CONMEBOL have yet to confirm this – Portell says the club have received notification of it from the confederation, but as yet the players haven’t received a ban. If a suspension is passed down, it could be for six months. And for what? According to Portell, a diuretic

Knabba frå hastaelgoalsiempre.com, ein engelspråklig blogg med "More fútbol argentino than you can shake a mullet at"

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
22.06.10 15:10
carcelero: Club Atletico General Lamadrid

Er jo ikkje så ofte i nyhetene, så eg resirkulerer klubbens "kjendis-øyeblikk", bortekampen mot Barracas Bolivar i 2009. På stillingen 3-0 til Bolivar lot nokre av Lama-spelarane seg provosera av heimefansen, og endte i munnhuggeri med dei. Det utvikla seg fort til ein slosskamp, og heile Lamadrid-benken stormer bort for å hjelpa lagkameratane sine og slåssinga sprer seg på banen og på tribunen. I etterkant av slåssinga viser dommeren det raude kortet til alle 11 Lamadridspelarane som var på banen og dei 7 innbytterane dei hadde med. 18 raude kort til eit lag i ein kamp må vel væra verdsrekord?

For å gje meg sjølv litt cred kan eg jo nevna at eg har sjølv vore på Barracas Bolivar kamp som bortesupportar (med Lamadrid). Ein ganske god historie å fortella om i ettertid, men eg var ikkje mykje høg i hatten medan skjellsord og betongbitar regna over oss frå heimefansen. Ein av dei få fotballkampane eg har vore på der eg var glad for å gå før kampen var ferdig.

 

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
24.06.10 05:52
MrJuve: nytt fra Guatemalsk ligafotball

Club Social y Deportivo Municipal har mista manageren sin.

Uruguayanske Manuel Keosseian som førte klubben til nytt ligamesterskap i år, har takka ja til eit tilbud frå storklubben Peñarol i heimlandet. Ein overraskande valg av Peñarol med tanke på at klubben skal delta i internasjonale cupar. Keosseian har frå før ingen storklubbar på CV-en. Han har dei gjort det godt i mellom-amerikansk fotball. I tillegg til tittelen med CSD Municipal har Keosseian tatt tre mesterskap med med Deportivo Marathon i Honduras dei siste åra.

Keosseian har også erfaring frå europeisk fotball, med Akratitos i Grekenland, var det han som var manager i den katastrofale 05/06-sesongen mon tru?

 

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
27.06.10 00:55

Hadde ikkje tenkt å skriva noko om klubben på ei stund, men når Peñarol på ny signerer Fabián Estoyanoff på lån frå gresk fotball er det vel på sin plass å avbryta min sjølpålagde tystnad. Som om ikkje det var nok retunerer samstundes Carlos Bueno frå lån i Real Sociedad.

Aiaiai! og herrligt klassiskt for å bruka teveto-sjargong.

Kasteball_2

Innlegg: 20073
Kasteball_2
29.06.10 14:40

Mauro Boselli drar faktisk til Wigan. Snakkes om en pris på rundt seks millioner pund. Ser ut som han får en kontrakt på fire år. Er spent på hvordan Boselli vil klare seg i Premier League.

 

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
29.06.10 15:50

Frå Estudiantes til Wigan. Ganske trist på mange måtar, men sikkert fint for lommeboka til Boselli.

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
30.06.10 22:27

Gio Moreno til Racing? Den medisinske sjekken gjenstår men Giovanni Moreno ser ut til å gå frå Atletico Nacional i Columbia til argentinske Racing Club. Overgangssummen ryktast å ligge på 2 800 000 dollars for 50% av spelaren.

Spissen, som fyller 24 i morgon, starta karrieren i Envigado i heimlandet. Hans 35 mål på 56 kampar i 2 divisjon imponerte storklubben Atletico Nacional nok til at dei kjøpte han i 2008. Har ikkje gjort det så gale i Primera divisjon heller med 33 mål på 65 seriekampar for den Medellinbaserte klubben.

Moreno har også vore med i Columbias landslagstropp sidan 2008, og det har så langt blitt 3 mål i dei 6 kampane han har spelt.

Her er ein video av nokre av måla hans.

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
04.07.10 17:49

Oppdatering på overgangsmarkedet i Argentina. Med Argentina ute av VM dukkar det vel snart opp meir offisielle sider, enn så lenge knabber eg det frå denne sida:

All Boys:
UT: Pablo Solchaga (Los Andes), Fernando Fayart (Patronato), Mariano Campodónico (Belgrano), Martín Perelman (libre), Leonel Coudannes, Juan Pablo Rial, Cristian Poizon, Emiliano Díaz, Lautaro Alvarez, Marcos Giménez, José Luis Gómez.

Inn: Matías Giordano (Talleres Cdba), Hugo Barrientos (Newell’s), Eduardo Domínguez (Huracán), Sebastián Grazzini (Racing), Sebastián Ereros (Cerro Porteño), Carlos Casteglione (Panionios –Grecia-), Lucas Rimoldi (Iraklis –Grecia-), Juan Pablo Rodríguez (Nacional). Además se está entrenando Carlos Salom (Barracas Central).

Argentinos: 
UT: Ismael Sosa (Independiente), Santiago Raymonda (Quilmes), Nicolás Peric, Facundo Coria, José Luis Calderón (se retiró), Nicolás Pavlovich (Necaxa).

INN: Gonzalo Vargas (Atlas) y Sergio Escudero (Corinthians).

Arsenal:
INN: Trípodi (Metropolitano de Blumenau) y Alustiza (Xerez). Jorge Ortiz (firmó por 3 años y viene del AIK de Estocolmo de Suecia).

Banfield:
UT: José Shaffer (terminó préstamo), Julio Marchant (no renovó), Luis Salmerón (se acabó contrato, se iría a Juventud Unida de San Luis), James Rodríguez (se va al Porto), Christian Lucchetti (a préstamo a Boca), Cardacio (rescindió, se fue al Atlas de México), Maximiliano Laso (se fue a Chipre), Guido Di Vanni (Gimnasia de Jujuy), Nilo Carretero (ascenso), Pablo Vergara (ascenso) y Jonathan Maidana (River).

INN: Sebastián Romero (de GELP), Jerónimo Barrales (de Recreativo de Huelva), Ariel Broggi y Pablo Santillo (de Racing).

Boca
: 
UT: Nicolás Gaitán (Benfica), Gabriel Paletta (Parma), Breyner Bonilla, Luiz Alberto, Adrián Gunino (Defensor Sporting), Hugo Ibarra, Federico Insúa (Bursaspor –Turquía-), Juan Krupoviesa, Guillermo Marino, Morel Rodríguez, Sebastián Prediger (Porto), Ariel Rosada.

INN: Insaurralde (Newell’s), Cellay (Estudiantes), Lucchetti (Banfield) y Damián Escudero (Villarreal).

Colón:
UT: Pablo De Miranda, Omar Merlo, Mauricio Mansilla, Jossimar Mosquera, Nicolás Torres (defensores), Alejandro Capurro, Facundo Bertoglio, Cristian Pellerano (volantes), Federico Nieto, Andrés Ríos (delanteros).

INN: Ronald Raldes (defensor), Juan Leonardo Quiroga (defensor), Damián Díaz (volante) y Federico Higuaín (delantero)

Estudiantes:
INN: Angeleri (Birminghan), Mauro Boselli (Wigan), Clemente Rodríguez, Cristian Cellay (Boca), José Sosa (Bayer Munich).

UT: Hernán Rodrigo López (Vélez), Facundo Roncaglia (Espanyol).

Godoy Cruz:
UT: Federico Higuaín (Colón).

INN: Lucas Ceballos, Emanuel Aguilera, Pablo Miranda, Jorge Piñero Da Silva, Adrián Torres, Héctor Canteros, Roberto Emilio Russo, Leandro Armani, Diego Morales y Renzo Vera.

Gimnasia LP:
UT: Sosa, Marco Pérez, Ormeño, Villar, Maldonado, Graff, Romero, Bangardino y Juan Cuevas (Toluca). El DT no cuenta con Esteban González y Gastón Casas.

INN: Walter Jiménez (Santos Laguna), Fernando Pellegrino (Ferro), Alejandro Capurro (Colón), Franco Flores (Gimnasia de Concepción del Uruguay), Abel Masuero (Ferro) y Jonatan Chaves (Defensa y Justicia).-

Huracán:
UT: Gustavo Balvorín (Gimnasia J), Juan Carrizo (rescindió), Alan Sánchez, Adrián Peralta (Lanús), Patricio Toranzo (Racing), Fede Laurito, Leandro Benegas, Pablo Jerez (Colón), Gonzalo García (Racing), Andrés Franzoia (Central), Nicolás Trecco, Rodrigo Malbernat, Nicolas De Bruno, César Vallejos, Leandro Díaz (Boca), Cristian Fernández, Isac Suárez, Jonathan Campo, Gastón Rudniesky, Daniel Medina, Gerardo Maidana, Mariano Cosentino, Marcos Moreno, Ariel Mussi, Gino Clara (su tema lo lleva el departamento legal del club), Eduardo Domínguez (All Boys).

INN: Agustín Peña (Wanderes, Montevideo), Mariano Martínez (jugó en Arsenal, Argentinos, etc), Marcos Brítez Ojeda (Racing), Yonathan del Valle (Táchira), César Montiglio (Atl. Tucumán), Rolando Zárate (Vélez) y Carlos Quintana (Lanús).

Independiente:
UT: Luciano Vella (Newell’s) y Walter Acevedo (San Lorenzo)

INN: Cristian Pellerano (Colón), Germán Pacheco (Atl. Madrid), Nico Cabrera (Vélez). Volvieron de sus préstamos: Fabián Assmann (Las Palmas), Ismael Sosa (Argentinos).

Lanús:
UT: Carlos Quintana (Huracán), Raúl Quiroga, (San Martín SJ).

INN: Carlos Izquierdoz (vuelve del préstamo en Atlanta) y Nico Ramírez volvió de Chaca y también se queda.

Newell’s:
UT: Juan Manuel Insaurralde (Boca), Jorge Achucarro, Joaquín Boghossian, Cristian Núñez (Quilmes), Diego Torres (Quilmes), Hugo Barrientos (All Boys), Sánchez Prette y Nahuel Roselli (Aldosivi), Juan Quiroga (Colón).

INN: Luciano Vella (Independiente), Gabriel Cichero (Caracas), Leandro Velázquez (Vélez), Luis Rodríguez (Atl. Tucumán).

Quilmes:
UT: Sebastián Battaglia (Boca), Emmanuel Bocchino (Independiente), Caneo (Chicago Fire), Diego Cardozo, Mauricio Carrasco (Estudiantes), Juan Manuel Herbella, Ramón Lentini (Instituto), Emmanuel Martínez (River), Meza Sánchez, Cristian Piarrou, Marcelo Pontiroli, Walter Ribonetto (Talleres Cdba), Sergio Rodríguez y Facundo Sava.

INN: Charles Aranguiz, Ojota Morales, Gustavo Varela, Cristian Núñez (Newell´s), Sebastián Martínez (Godoy Cruz), Gervasio Núñez (Central), Juan José Morales (Univ. Católica), Oscar Carniello (Atl. Rafaela), Diego Torres (Newell’s), Santiago Raymonda (Argentinos) e Ignacio Boggino (Central).

Racing:
UT: Cristian Tavio (Atl. Tucumán), Sebastián Rosano, Brítez Ojeda (Huracán), Damián Steinert, Sebastián Grazzini (All Boys), Juan Falcón, Pablo Santillo, Martínez Gullotta (Gimnasia J).

INN: Patricio Toranzo (Huracán).

River:
UT: Nicolás Navarro (Nápoli), Gustavo Cabral (Tecos), Ahumada (Veracruz), Marcelo Gallardo (libre), Diego Barrado, Mauro Rosales, Gonzalo Ludueña (O’Higgins), Juan Antonio, Galmarini, Facundo Quiroga, Nico Domingo, Archubi y Andrés Ríos.

INN: Cristian Nasuti (Aris Salónika), Jonathan Maidana (Banfield), Carlos Arano (Aris), Josepmir Ballón (San Martín de Porres), Walter Acevedo (Independiente) y Leandro Caruso (Vélez).

San Lorenzo:
UT: Nereo Champagne, Nahuel Iribarren, Pablo Pintos, Gustavo Campagnuolo, Bernardo Romeo, Cristian González y Cristian Leiva.

INN: Leo López (Boyacá Chicó), Alvaro Ormeño (Gimnasia LP). Volvieron de sus préstamos: Cristian Tula, Pablo Alvarado y Gonzalo Rovira.

Tigre:
UT: Carlos Luna.

INN: Stracqualursi, Simón, Anzorena, Mustafá, Gastón Díaz, Trombetta y Juan Angulo.

Vélez: .
UT: Rolando Zárate (Se terminó el contrato), Pablo Lima (Se terminó el contrato), Leandro Caruso (se terminó el préstamo), Rodrigo López (Estudiantes), Marco Torsiglieri (Sporting de Lisboa), Leandro Velázquez (a préstamo Newell's), Nicolás Cabrera (Se desvinculó de común acuerdo y fue a Independiente), Ariel Cabral (préstamo al Legia Warszawa de Polonia) y Facundo Coria (Argentinos compró el 50% del pase)

INN: Ingen

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
04.07.10 20:23

Universidad de Chile spelaren Walter Montillo ser ut til å væra på vei til brasiliansk fotball og Cruzeiro. "U" skal ha akseptert eit bud på 3,5 mill dollar, men ein evt overgang skjer ikkje før etter semifinalane i Copa Libertadores (og finalen om dei kjem seg så langt). Semifinalane går 27 juli og 3 august, finalekampane 11 og 18 August.

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
05.07.10 14:34

Og managere frå Uruguay ser ut til å væra "in" i Sør Amerika om dagen. Sergio Markarian blei for eit par dagar sidan sjef for Perus landslag og nå blir Jorge Fossati linka til jobben med å leda Ecuador.

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
05.07.10 20:17

Dagens lynkurs i Guarani. "Kure" betyr gris. Sportivo Luqueño har kallenavnet Kure-Luque og ein av fotballverdens kulaste maskot.

Når eg først er inne på Sportivo Luqueño, er det vel på sin plass å nevna at dei før denne sesongen har henta inn ny keeper. Japanske Hideaki Ozawa er signert frå Kashima Antlers.

Her er ein filmsnutt for dei som måtte lura på kva tribuneliv japanaren kan sjå fram til å oppleva. Klippet er for øvrig henta frå TyC sports programmet El Aguante som har fokus på supporterane rundt omkring i sør-amerika (men mest Argentina). Det er vel verdt å søka på "El Aguante Tyc Sports" i youtube for dei som måtte lika slikt. (Ligg ein del her)

PS Før folk går ut og praktiserer guaranien sin på nærmaste paraguayanar minner eg om at "Guaraní is one of the few languages of the world displaying nasal harmony. A word is either nasal, and then only allows the nasal allophones of certain phonemes, or oral, only allowing the oral allophones. Words with some nasal allophones and some oral allophones do not exist. A word is nasal if it has at least one of these nasal allophones: ã - ẽ - ĩ - õ - ũ - ỹ - g̃ - m - mb - n - nd - ng - nt - ñ , in its stem, and all the rest being oral.

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
09.07.10 04:42

Nytt frå Brasil, Rio Plate-stil:

Juan Roman Riquelme der ut til å bli i Boca Juniors ut karrieren etter å ha signert ny 4 årig kontrakt med "Genoesarane".

Riquelme har vore i forhandlingar med andre klubbar om overgang sidan den forrige kontrakten gjekk ut i juni, men tilbuda her forsvunne eit etter eit. Cruzeiro henta inn Walter Montillo og sponsoren som skulle betala for overgangen til Flamengo har visstnok meir lyst til å betala for å henta Ronaldinho.

Riquelme er uansett ikkje venta å spela treningskampen mot Palmeiras i Sao Paolo på fredag, men truleg får nysigneringane Cristian Lucchetti, Juan Manuel Insaurralde og Cristian Cellay alle speletid i det som blir den siste kampen på Estadio Palestra Italio før den skal oppjusterast i påvente av VM 2014.

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
09.07.10 16:40
carcelero: Oppdatering på overgangsmarkedet i Argentina.

Ryddig og grei oversikt her. "Altas" = inn og "Bajas" = ut.  

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
09.07.10 16:59

Er det for mykje å be om å få alle overgangane i Chilensk Primera A og B på ei nettside? Sjølvsagt ikkje. 

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
10.07.10 18:00

Matías Caruzzo har signert for Boca etter lange forhandlingar. Overgangssummen er på 2,5 mill dollars. Ikkje overraskande, men faen likevel.

carcelero

Innlegg: 3130
carcelero
12.07.10 20:42
MrJuve: nytt fra Guatemalsk ligafotball

Paraguay-Uruguayanske Ever Almeida er ny Landslagstrenar i Guatemala. Blei ein liten kikk på nettsider om Guatemalsk fotball i den anledning, så eg kan vel slenga ut det eg kom over.

 

Deportivo San Benito blir ikkje å finna i den Guatemalske serien meir. Klubben har skifta navn til Deportivo Petén.

Deportivo Zacapa slit økonomisk og slit med å skaffa spelarar før sesongen. Både manager og dei få spelarar som er i klubben skal kun ha muntlege avtalar med klubben.

Ny reglar er innført før årets sesong (muligens kun i Primera Divisjon?): Det er max lov å ha to utanlandske spelarar i stallen. Colombianske Porfirio García er difor ferdig som førstelagsspelar i Petapa frå San Miguel. Klubben har tenkt å bruka dei to plassene på Rodrigo Cubilla og Sandro Zamboni.

Den andre regelen som er innført er at kun tre av spelarane kan være over 30 år. Denne regelen har møtt stor motstand frå eldre spelarar, og dei vurderer søksmål som eit virkemiddel i kampen for deira rett til å arbeida.

Det må seiast at dette gjeld 2.divisjon i Guatemala. Den heiter forvirrande nok Primera Divisjon, og det tok litt tid før eg oppdaga at eg ikkje las nyheter om toppdivisjonen. I Toppdivisjonen er det massevis av treningskampar for tida, og ein del (ukjente) spelarar som linkas hit og dit, men ingenting som eg gidd rapportera om.

Ligastarten i Liga Nacional er kun to veker unna. Første runde blir spelt 24/25 Juli og kampoppsettet er slik:

Mictlan vs Suchitepéquez

Heredia JDP vs Comunicaciones

Xelajú MC vs Peñarol LM

Xinabajul vs Marquense

Municipal vs Universidad SC

Juventud Retalteca vs CD Malacateco.

Guatemala har og med to representantar i CONCACAF Champions League. Første motstandar for Municipal blir Columbus Crew. Kampen blir spelt den 18 august i Ohio (klokka 18 Guatemala City-tid). Første heimekamp for Municipal blir den 28. august, mot vinnaren av kampen mellom Brujas (Costa Rica) og Joe Public (Tri & Tob).

Xelajú MC spelar same datoane. Heime mot Toluca (Mex) den 18 og borte mot LA Galaxy/Puerto Rico Islanders den 28.

PS Har prøvd å lesa meg opp litt på regelendringane i serien, men eg må inrømma at eg forstår mindre og mindre. Ta informasjonen om regelendringane (og eigentleg det meste andre også) med ei klype salt eller to.

PPS Det blei visst eit i overkant rotete innlegg. Ein forvirrande serie og VGDs innloggingsystem får ta sin del av skulda for det. Disculpe til alle elskarar av Guatemalsk liga. Skal prøva å få til eit betre innlegg neste gong.

Nordino

Innlegg: 8548
Nordino
14.07.10 01:05

Litt av en opprenskning i Boca!

Insua, Roncaglia, Gaitan, Paletta, Ibarra, Krupoviesa, Marino, Morel Rodriguez, Rosada ut. Det er jo nesten en hel førsteellever.

(Innlegget ble redigert 14.07.10 01:05)

Klikk for å gå tilbake til toppen