I påvente av den nye sesongen er eg så frekk at eg opprettar ein eigen tråd for Borussia Dortmund, sjølv om tråden fort endar opp som ein monolog frå mi side.
Dortmund avslutta sesongen i fjor på ein 5.plass, noko som virka heilt urealistisk etter katastrofesesongen med Thomas Doll bak roret i 07/08. Etter den sesongen kom Jürgen Klopp inn og har transformert klubben frå gamleheim til barnehage, om ein setter ting litt på spissen. Midtstopparparet Wörns/Kovac med ein kombinert alder på over 70 år gjekk ut og Subotic/Hummels, som då hadde ein kombinert alder på under 40 år, kom inn. Resultatet blei 30 færre innslupne mål og ein sjetteplass i serien, 2 poeng bak HSV og femteplassen som ville gitt plass i europaligaen.
Før fjorårssesongen blei den no paraguayanske spissen Lucas Barrios henta inn, saman med unggutane Kevin Grosskreutz og Sven Bender. Etter å ha snubla litt ut i frå startblokkene kom Barrios i gang for alvor og måla rann inn, totalt 19 stk, noko som ikkje er så verst i den første sesongen. For dei to andre blei sesongen like bra. Sven Bender måtte steppe inn når kaptein Sebastian Kehl var skada, og spelte som ein veteran. Kevin Grosskreutz på si side kriga seg til ein plass på førstelaget før jul, og med sin store innsats og arbeidskapasitet krona han sesongen med å debutere på landslaget i ein treningskamp mot Malta. For Dortmund sin del enda sesongen som sagt med ein femteplass, noko som betyr plass i europaligaen.
Foran årets sesong har Dortmund vore aktive på overgangsmarknaden. Fire nye er henta inn, deriblant Robert Lewandowski, som kjem frå toppscorartittel og seriegull i Polen med Lech Poznan. Dei tre andre er Mitchell Langerak, som tar over etter Marc Ziegler som reservekeeper, Lukasz Piszczek, som skal kjempe med Owomoyela om høgrebacken, og Shinji Kagawa, som skal prøve å spele seg inn i ein offensiv midtbanerolle, anten til venstre eller sentralt.
Sesongoppkøyringa til den nye sesongen startar på søndag med presentering av dei nyinnkjøpte og ei treningsøkt på Westfalenstadion med treningskampar på 20 min lokale lag som Hörder SC, SF Nette og FC Nordkirchen. Profiler som Barrios, Valdez og Subotic uteblir greit nok frå starten på oppkøyringa, då dei vil få ein velfortjent ferie etter innsats i VM.
For informasjon og nyhende om Dortmund kan ein besøke derWesten.de, Ruhrnachrichten.de, Kicker.de, Svenska/Norskefans.com og sjølvsagt BVB.de.
Då erklærer eg tråden for opna og satsar på at fleire skapsupportarar vil melde seg.