Eirik Forgaard var vel den første som begynte å kutte. Bjarne Berntsen kutta og Arne Larsen Økland kutta.
Problemet, trur eg, er at Forgård, Berntsen og Økland kutta på feil ting fordi Viking ikkje merka inntektsnedgang i sponsormarknaden. Oljenæringa gjekk så det suste, og næringslivet la igjen pengar som aldri før - veldig lenge. I alt for mange år blei kutta innretta slik at det ikkje skulle øydelegge framtidig vekst.
Mens andre klubbar kutta i spelarlønningar hadde Viking som politikk at dei skulle stå ved inngåtte kontraktar. Dei skulle vinne truverd på spelarmarknaden. Viking skulle vere attraktive på spelarmarknaden når dei konkurrerte med "kriseklubbane" om spelarar. Samstundes blei det signalisert at utgiftene til spelarlønningar skulle ned, men i praksis blei det gjort unntak for å lokke til seg spelarar som skulle sørge for sportsleg suksess - slik at klubben kunne vinne tilbake publikum, og dermed auke publikumsinntektene.
Det funka ikkje. Alle millionane i eigenkapital me hadde å tære på blei ei sovepute. Me gjekk med titals millionar i underskot kvart år. Det var ein kjempetabbe å ikkje gjere drastiske tiltak med å kutte. Både under BB og Økland. Den største tabben var at direktøren og styret ikkje krisemaksimerte nok. Det kan ein vise med å rote tilbake i diverse Viking-trådar. Her har me ikkje vore urolege for at Viking har brukt for mykje pengar, men at Viking har spart seg til fant. Med andre ord: Viking burde brukt meir pengar for å auke inntektene. Særleg på spelarmarknaden.
Så kom oljesmellen. Det blei verkeleg alvorleg då sponsorinntektene svikta samstundes som publikumsinntektene haldt fram med å dale. Negativitet på alle plan. Oppseiingar over alt. Aksjonærar som krangla. Krisemaksimering.
(NB! Dette er lause teoriar frå mi side. Håpar at folk som har vore på innsida ein eller annan gong vil fortelje om kva som har gått galt. Det kan jo også vise seg at eg har ein del poeng?)