Florø Fotball har i dag offentliggjort sin signering nr 5 og man ser ikke bort fra at det faktisk kan bli så mange som 3-4stk til i følge Firdaposten.
https://www.firdaposten.no/no-har-han-signert-ein-midtbanespelar-fra-brann/s/5-16-471969
Her er litt info om hva daglig leder har å si om Gjerstad og andre spillere inn:
"Håkon Giæver Gjerstad er klar for Florø Fotball.
Fredag ettermiddag melder Florø Fotball og Kim Solheim at dei har styrka stallen med nok ein spelar.
Håkon Giæver Gjerstad blir den femte spelaren inn på litt over tre veker. Han er 99-modell, og kjem til Florø frå berømte Brann frå Bergen. Han har til gode å debutere på A-laget til Brann, men trass i si relativt unge alder har han fått med seg ganske mange kampar for Brann 2. 52 kampar for å vere nøyaktig.
Godt skolert
– Han er ein flott type, godt skolert, som har gått gradene i ungdomsavdelinga til Brann. Ein talentfull ung spelar som skal få lov til å jobbe seg inn på laget. Dette blir hans første proffkontrakt, og han sluttar seg til oss i løpet av neste veke, fortel Solheim som er dagleg leiar i Florø Fotball.
På dei 52 kampane for Brann 2 har Håkon Giæver Gjerstad levert 12 scoringar. Det må vere godkjend for ein midtbanespelar. Brann 2 spelar i Norsk Tippingligaen, som er nivået under PostNord-ligaen. Florø Fotball blir eit steg opp for ungguten, som etter alt å døme ikkje blir den siste signeringa til Florø Fotball i denne sesongoppkøyringa.
– Vi har ein spelar til som er ganske nær, og jobbar også med eit par andre spelarar. Det kan godt kome fleire nyheiter frå oss dei nærmaste dagane, seier Solheim, men held korta tett til brystet med tanke på namn.
Det har blitt nokre bergensarar i år. Dia visste vi om sidan han var på prøvespel i fjor. Maciej er utlending men har spelt i Norge i fleire år. Slik situasjonen er kan vi ikkje ha utlendingar på prøvespel. Vi søker heller etter spelarar som er lettare å kartlegge og hente referansar på. Då er det heller ikkje like naudsynt med prøvespel. Ein positiv bieffekt av det er at det blir fleire opningar for norske talent. Det tenker eg er bra."
For dei som saknar den lokale forankringa i troppen kan Kim Solheim fortelje at det er fleire unge spelarar som hospiterer med A-laget. Klubben har eit ønske om å få fram lokale spelarar, og situasjonen er ikkje heilsvart. Men laget må også vere konkurransedyktig.
"– Fotballen er internasjonal. Vi spelar ikkje i kretsligaen, og vi er eit av dei PostNord-laga som har sterkast lokal forankring. Vi har no fem unge spelarar som hospiterer med A-laget, og er involvert. Dei får kjenne på nivået og kva som skal til, utan at vi verken forventar eller forlanger at dei skal ta steget opp no."