Våre regler
Hvis du leser innlegg på VGD du mener er i strid med våre regler (les reglene her) kan du trykke på dette symbolet over det aktuelle innlegget. VG Nett vil vurdere om innlegget skal fjernes.

Vipers Kristiansand

NYTT TEMA
Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
19.11.18 11:25

Me treng ein tråd for det som er landets desidert beste handballklubb på kvinnesida både akkurat no og også truleg eit stykke inn i framtida. Så då gjer me det slik. Eg har laga først ei oversikt over stallen (november 2018) med fødselsår klamma inn:

Målvakt: Katrine Lunde [1980], Eline Fagerheim [1998]
Høgreving: Malin Aune [1995], Karine Emilie Dahlum [1999]
Venstreving: Karoline Olsen [1998], Vilde Kaurin Jonassen [1992], Sunniva Amalie Næs Andersen [1996]
Strek: Mathilde Kristensen [1993], Hanna Maria Yttereng [1991], Pernille Wibe [1988]
Venstreback: Emilie Hegh Arntzen [1994], Jeanett Kristiansen [1992]
Høgreback: Silje Katrine Waade [1994], Linn Jørum Sulland [1984], Josefine Intelhus [1998]
Playmaker: Henny Ella Reistad [1999], Marta Tomac [1990], Tonje Haugjord Refnes [1994]

Vidare skriv eg litt om kvar enkelt i stallen:

Målvakt:
Katrine Lunde er ei legende og per dags dato fortsatt verdens beste målvakt. Etter å ha briljert i fleire klubbar, vart ikkje opphaldet i Rostov-Don like bra som ho nok hadde tenkt seg.
Fleire kunne nok tenkje at storheitstida hennar var over då etter at ho hadde fått unge, men returen til Kristiansand har verkeleg vore ein suksess. I fjor vart ho beste målvakt i VM og ho vil nok fort vere heilt der oppe i årets EM også. For Vipers er ho uvurderleg. I fjor lagets beste spelar, og ho har fortsatt dette. Ho var instrumental i sigeren i Romania no nyleg. Med tanke på alt ho kan bidra med til resten av spelargruppa, den lokale tilhøyrigheita og fruktene av å samarbeide med tvillingsystra Kristine, så er eg sikker på at det er ingen målvakt i verda Vipers heller ville hatt enn Katrine. No er spørjemålet berre kor lenge ho er motivert, for så lenge ho er motivert, er ho god nok.

Andremålvakt og det einaste alternativet til Lunde, er talentet Fagerheim. Ho har vore ein del innom aldersbestemte landslag, men kom ikkje til juniormeisterskapet no i sommar. Bidraga hennar i kampar har som regel vore på slutten av eliteseriekampar som har blitt avgjort, men ho har også starta nokre kampar i cup/serie. Likevel er det ikkje tvil om at det er stor forskjell på målvaktene, og sjukdom/skade på Lunde vil vere frykteleg for Vipers i viktige kampar, spesielt sidan det berre er nettopp desse to målvaktane som er alternativa.

 

Høgreving:
Malin Aune kom overraskande med i den norske troppen til 2016-EM som også vann gull det året. Då spelte ho fortsatt for Oppsal. Når dei no skal forsvare dette gullet er ho igjen tatt ut. Framleis noko overraskande, men ho er uansett no mykje betre, og har spesielt utvikla seg til å bli ein topp høgreving, også når ein tenkjer utover landegrensene. Der fjoråret var litt opp og ned for hennar del, har ho vore sikker frå kant og på kontring, og der Vipers sine internasjonale motstandarar gjerne lot det kome ein del avslutningar frå kant tidlegare, vil dei no absolutt unngå det. Som 95-modell har ho også mange år igjen med handball i kroppen. Så får me sjå om ein europeisk storklubb kjem lokkande etterkvart.

Karine Emilie Dahlum er også oppført i troppen til Vipers. Dette er ein spelar eg har minimalt med kjennskap til, men ho er iallfall på yngre landslag. Uansett er ikkje dette eit reelt alternativ til Aune. I cup-kampen mot Sola fekk ho nokre minutt på slutten. Det er nok i avgjorde kampar ho kan få nokre minutt, og det vil jo vere ganske aktuelt i og med at Vipers per no berre har tre skadefrie venstrehendte utanom Dahlum.

Venstreving:
Vilde Kaurin Jonassen er den første i venstrevingtrioen Vipers har. Ho er også den eldste, men kan ikkje akkurat kallast gammal. Ho har trøbla ein del med skader opp igjennom, men i det siste har det flytt bra for ho. Denne sesongen har ho – i likskap med dei andre – prestert bra på vingen. Dei har litt forskjellige kvalitetar. Jonassen er nok den raskaste og den tøffaste i forsvar, men ho er nok også den som slit mest med avslutningar. Sunniva Andersen er nok den svakaste i forsvar, iallfall enno, men har til gjengjeld det største repertoaret når det kjem til avslutningar. Dette er ei eit stort talent som no heldigvis har valgt å satse skikkeleg på handball. Karoline Olsen er yngst og ligg nok litt mellom dei to andre på dei forskjellige spektra, men til gjengjeld er det kanskje ho som har teke størst steg til denne sesongen. Ho har nyleg spesialisert seg på vingen, og no kan ein verkeleg sjå kvifor det var lurt. Dette var førstevalet på venstrekanten i sommarens juniorsølvlag. Dette er også eit stort, stort talent og ei som allereie no spelar bra mot god, internasjonal motstand. I CL har ho vore veldig solid, og både Olsen og Næs Andersen kan kjempe om landslagsplass i åra framover.

Strek:
Hanna Maria Yttereng vart henta frå Byåsen etter ei ganske innhaldsrik karriere allereie. Ho har vore i både Tyskland og Ungarn, men har verkeleg funne seg til rette i Kristiansand. Det er ikkje lett å vere den som skal ta opp hansken etter Brattset, som no er etter mi meining verdens beste linjespelar. I starten såg ein at det var ein stor forskjell, men også ho har blitt betre og betre. Mot Bietigheim var ho kampens beste spelar med ni mål på like mange avslutningar. Defensivt er ho heller ikkje heilt på Brattset-nivå, men ho er absolutt solid også der. Så får me sjå om dette er eit nivå ho kjem til å vere på utover. Iallfall har ho fått ein plass på rekruttlandslaget no, og tek opp kampen med Johansen om å vere landets fjerde beste strek. Det ho har prestert dei siste kampane er uansett for meg ei stor overrasking, og det gjerast verkeleg mykje rett i sørlandsklubben.

Mathilde Kristensen er det foreløpig einaste ikkje-norske bidraget i denne troppen. Ho er eit andreval på linje no, noko ho også var i fjor bak Brattset. Dette er ein spelar som nok er eit hakk ned frå Yttereng, men ho kjempar godt på når ho får sjansen. Diverre er ho skada no til iallfall litt over årskiftet. Så får me sjå kva framtida bringer for ho.

Pernille Wibe er signert på korttidskontrakt. Dette er ein verdsmeister, så viss ho har haldt kroppen godt nok i gang til å bidra litt der ho var, så har Vipers sikra seg ein god linjespelar. Så er det ikkje handball som er viktigast i livet hennar per no, men viss ho presterar bra og det gir meirsmak for begge partar, er det kanskje ikkje umogleg at ho kan bli med vidare også etter at denne korte perioden utløper.

 

Venstreback:
Emilie Hegh Arntzen har trass sin unge alder vore mykje med på det norske landslaget. I Byåsen var ho til tider dominerande, og var også spelaren som dro lasset då Byåsen møtte på god motstand i EHF-cupen. I Vipers har historia vore nokså annleis. Fjorårssesongen var skuffande for hennar del. Det hurtige spelet til dåverande Vipers-trenar Gabrielsen var noko ho ikkje fekk taket på, og sesongen var prega av tekniske feil, bomskot og senking av spelet. Denne sesongen har ho vore noko betre, men også no har ho slitt. Så kom det ein god kamp mot Bucuresti. Spørjemålet er då om dette er teikn på fortsetjinga, eller om det var ein god enkeltkamp. Defensivt har ho teke steg i år. Det er sjølvsagt sakn i Vipers-laget etter trearparet Brattset og Lunde-Borgersen, men Arntzen og Yttereng har gjort ein rimeleg bra jobb her. Uansett har også ho blitt tatt ut i den norske EM-troppen.

Jeanett Kristiansen er som Arntzen også ein skyttar, men på andre måtar ganske annleis. Ho er ekstremt rask og spretten. Når det stemmer for ho, kan ho dundre inn ball etter ball og springe frå motstandarane. Når det ikkje stemmer, avsluttar ho på håplause moglegheiter. Defensivt slit ho meir enn Arntzen.

 

Høgreback:
Silje Katrine Waade er også regjerande EM-meister. Ho vart då teke ut i EM-troppen og spelte ei utruleg viktig rolle defensivt som høgre toar. Mange hadde nok tenkt og håpt at dette var noko ho også kunne gjere i år (inklusivt meg), men det vart ikkje meisterskap denne gangen for Silje. Også Waade har hatt ein del problem med skader. Kort tid etter førre EM vart ho skada, og ho har nok ikkje kome skikkeleg tilbake etter det før no. I Vipers har ho igjen vist kor god ho er defensivt, og også offensivt stemmer det betre enn på lang tid. I Bucuresti-kampen sto ho til dømes både i angrep og forsvar i den første omgangen, og klarte seg fint der. Her er ein av dei plassane Vipers har fått seg ein skikkeleg oppgradering frå i fjor. Nørstebø var ein grei spelar, men Waade er absolutt nokre hakk opp og god nok til å vere på eit lag med dei ambisjonane Vipers har. Så får me håpe at ho held seg unna skader framover.

Linn Jørum Sulland er endeleg tilbake på landslaget i eit meisterskap. I 2016 vart ho også utnemnt, men då var det skader som satte ein stoppar for det. Dette er eit angrepsvåpen, ein skyttar med rutine som kan levere i både CL og i seriekampar. For Vipers er ho utruleg viktig. Sjølvsagt spesielt no når dei berre har tre tilgjengelege venstrehendte (viss me ekskluderar Dahlum).

Josefine Intelhus kom saman med Reistad frå nedrykksklare Stabæk etter førre sesong. Det som har skjedd etter dette, har diverre vore alt anna enn hyggjeleg for Intelhus. Skade forhindra både deltaking i junior-VM og spel for Vipers denne sesongen. No gjeld det for Intelhus å gjere alt riktig slik at ho kan bidra på ein best mogleg måte i neste sesong. Som type er ho også ein skyttar, litt som Sulland.

 

Playmaker:
Henny Ella Reistad er moglegens det heitaste talentet i verda for tida (kanskje saman med ungarske Háfra som spelar i FTC). Ho har jamnt over vore den beste bakspelaren for Vipers denne sesongen, og toppa dette med å vere kampens store spelar i sigeren over Bucuresti borte. Prestasjonane har gitt ho EM-billett. Ho er også som snytt ut av ei liste over kva ein ønskjer av den ideelle handballspelar. Ho er rask og har ein god spenst, ein god duellspelar både offensivt og defensivt, kan stå både som trear og toar i forsvar, ho har eit veldig omfattande skotrepertoar og er drivande god til å styre spelet. Ein mot ein offensivt kan ho utfordre kven som helst. Her har Vipers ikkje berre ei komande stjerne, men det ho har vist denne sesongen tilseier at ho nivåmessig er der allereie. For Reistad gjeld det at ho blir matcha riktig. Me skal ikkje ha overbelastning, skader eller liknande. Me har hatt mange unge talent tidlegare. Her har me eitt i verdsklassen, og endeleg kjem me å ha fleire reelle alternativ i playmakerposisjon enn berre Oftedal.

Marta Tomac har også vore lenge ute med skade, men er i denne sesongen klår frå start. Ho er ein annan type enn Reistad og er flink til å bringe ro, men ho har også vore nøydd til å spele andrefiolin for Vipers bak supertalentet. Er også i EM-troppen, kanskje noko overraskande, men Thorir ser heilt klårt kvalitetar i Tomac som han likar. Ho er også anvendeleg defensivt og kan spele i både toar- og trearrolla.

Tonje Haugjord Refsnes er nummer tre på playmaker-lista og får ikkje særleg mykje speletid no. Det er mest i kampar som allereie er avgjorde, eller mot noko svakare Eliteserie-motstand. Fordelen med Refsnes er at ho kan spele overalt bak på bana. I fjor var ho ein del på høgrebacken då Sulland var ute, sjølv om ho er høgrehendt. Refsnes er ei sørlandsjente frå Evje, så det er jo litt ekstra stas å ha lokale i klubben.

 

Stoda per no

Vipers leier Eliteserien og er storfavoritt i alle dei nasjonale turneringane. No er det også klårt at dei går vidare i Champions League med fire poeng. Ein går inn i hovudrunda med eit reelt håp om kvartfinale, og då er det ikkje langt til Final Four. Dei tre siste kampane har vore især imponerande, og Vipers har då knust henholdsvis Bucuresti (borte), Bietigheim (borte) og FTC (heime) i tur og orden. Progresjonen til no i sesongen har vore veldig solid, og mange presterar på eit høgt nivå.

 

Framtida

Ut frå det eg har forstått, skal det kome to angolske jenter til Vipers etter nyttår. Det skal dreie seg om ein strek og ein høgreving. Det blir spanande å sjå korleis dette går. Eg vil tru at det då skal dreie seg om gode spelarar når dei først tek seg bryet med å hente afrikanarar som då må kome inn i den norske serien utan dei mange gratistinga nordmennene har. Viss ein tenkjer at Wibe ikkje forlenger kontrakten, som nok er mest sannsynleg, står Vipers då med tre strekar. Ein høgreving treng dei, så det er ikkje noko som gjer at nokon andre må forlate klubben.

Når det gjeld overgangar inn mot neste sesong, er det i mine auge tre signeringar som hadde vore veldig bra for eit hardtsatsande Vipers-lag.

Det første er ein ny målvakt. Lunde er sjølvsagt udiskutabelt førsteval uansett, men det er pt veldig langt ned til Fagerheim som framleis har ein del fram til CL-nivå. Viss Vipers skal etablere seg som ein toppklubb, må ein kunne ha nok ein målvakt som kan kome inn viss Lunde slit. Det er mange gode målvaktar i Noreg, og eg trur ikkje me treng sjå ut av landet. 24-årige Andrea Austmo Pedersen på Byåsen trur eg hadde vore eit bra val i så måte. Ho er allereie del av eit sterkt tospann i Byåsen, og vil kunne nok ha gode moglegheiter til vidare utvikling i Vipers. I Eliteserien og Cup kan nok også Fagerheim få speletid.

Når ein først har det største talentet i norsk liga i Reistad, kvifor ikkje hente nummer to på lista? Boge Solås på Tertnes trur eg hadde vore ein veldig bra tilvekst i Vipers. Dette er ein utruleg spanande spelar med eit tungt skot i tillegg til ekstremkompetanse bakover. Akkurat bakover synst eg at Lunde har redda Vipers meir enn forsvaret hittil, og Boge Solås inn i trearparet hadde fort gjort susen. Det å utvikle seg i ein norsk toppklubb under Gjekstad trur eg hadde vore eit godt val for Boge Solås, og då er det ikkje langt til landslaget heller.

Siste kvinne på lista er Line Ellertsen på Sola. Som Boge Solås er ho berre 20 år gamal, og i likskap med Reistad kom ho på All Star-laget i junior-VM no i sommar. Viss me snakka om at Refsnes kunne spele i alle rollene bak på bana, så kan me verkeleg seie det her for Ellertsen. Ho er nemleg så og seie like gode med begge hender. Dette er også ein spelar som likar å utfordre og satse på gjennombrot, noko det ikkje er andre enn Reistad i Vipers-bakrekka som meistrar på same måte.

Desse tilskota kan nok ikkje kome utan at nokon må ut, og då er det nok diverre Kristiansen og Refsnes som ryk. Førstnemnde svingar veldig i prestasjonane, og mot høg internasjonal motstand har det ikkje klaffa heilt for ho, diverre. Det er nok uansett nok av norske klubbar som kan tenkje seg Kristiansen, og ein dansk klubb kunne nok også vore spanande. Defensivt er ho heller ikkje veldig solid. Refsnes har nok ikkje heilt det CL-nivået inne, men ho er god nok til å spele mykje i ein annan klubb. Kanskje kan det bli byte med Ellertsen i Sola?

Ei potensiell backrekke med Reistad, Sulland, Boge Solås, Arntzen, Tomac, Ellertsen og Intelhus trur eg hadde vore ekstremt spanande. Her har ein ekstremkvalitetar i alle fasar av handballen både offensivt og defensivt. I tillegg er det mange unge som har meir rutinerte som kan lose dei vidare i utviklinga.

Generelt er det ingen tvil om at det er Vipers som no er klubben å ‘gå til’ for dei beste i Noreg. Det er nok dei som hovudsakleg kan plukke ut dei største talenta (som det skjedde med Reistad), gitt at det er plass og det er forespegla speletid. Eg reknar med at klubben har god oversikt over den internasjonale marknaden, og i sær dei norske spelarane som er spreidd rundt om i Europa.

(Innlegget ble redigert 19.11.18 11:29)

m.e.f.
m.e.f.Innlegg: 193
19.11.18 15:58

Det som kan virke nesten litt morsomt når en leser innlegg som det ovenfor, er at alle de tinga som en god del bidragsytere her i dette forumet har bebreida Larvik for å gjøre (hente de største talentene, hente spillere fra utlandet osv.), er plutselig blitt helt stuereint fordi det ikke lenger er Larvik som gjør det, men en annen norsk klubb. Det kalles gjerne dobbeltmoral når en bruker to slags standarder for å vurdere de samme tinga.

Magick62
Magick62Innlegg: 33
19.11.18 16:07

Jeg er en relativt nyfrelst håndballfan, kom til å høre på håndballpodden med et par karer fra Hamar. Det var artig å følge med på dem, så etter hvert begynte jeg å følge med på håndball for kvinner, som denne podden handler om. Frem til nylig visste jeg ingenting om håndball, annet enn at jeg alltid har fulgt med på landslaget for kvinner.

Jeg tror som trådstarter at vi bør ha en tråd om Vipers. Det er veldig spennende å følge dem nå. Men de må nok kjempe for å stabilisere seg på dette nivået.

Det ene er at hvis de presterer bra, vil de beste spillerne bli kjøpt av storklubber i Europa, slik det skjedde med Kari Brattset. Da er det viktig at de er det foretrukne laget for norske talenter. Ellers kan gleden over suksess i CL bli kortvarig.

Dessuten er det flere lag som ønsker å satse. Larvik har varslet at de vil tilbake til der de var, og vil gi Vipers kamp om hegemoniet. Larvik har et godt navn, så Vipers skal ikke være for sikker på at de er førstevalget for alle.

Det er mange som sier at når vi endelig ble kvitt Larviks dominans, så fikk vi ikke spenning, men et nytt monster. Samtidig trenger vi et flaggskip dersom vi skal gjøre det godt i Europa.

Hva mener dere andre, er et hjemlig "monster" prisen vi må betale for å gjøre det godt i Europa (les: CL)?

 

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
19.11.18 16:57
Magick62: Det ene er at hvis de presterer bra, vil de beste spillerne bli kjøpt av storklubber i Europa, slik det skjedde med Kari Brattset. Da er det viktig at de er det foretrukne laget for norske talenter. Ellers kan gleden over suksess i CL bli kortvarig. Dessuten er det flere lag som ønsker å satse. Larvik har varslet at de vil tilbake til der de var, og vil gi Vipers kamp om hegemoniet. Larvik har et godt navn, så Vipers skal ikke være for sikker på at de er førstevalget for alle. Det er mange som sier at når vi endelig ble kvitt Larviks dominans, så fikk vi ikke spenning, men et nytt monster. Samtidig trenger vi et flaggskip dersom vi skal gjøre det godt i Europa. Hva mener dere andre, er et hjemlig "monster" prisen vi må betale for å gjøre det godt i Europa (les: CL)?

Eg trur at Vipers om kort tid vil vere der at det berre er dei største klubbane som vil vere eit naturleg steg opp frå Vipers. Av dei aktuelle er det ikkje veldig mange klubbar dette gjeld. Györ er sjølvsagt storklubben som dei fleste nok siklar etter. Bucuresti er også ein storfisk. Rostov er ein stor klubb, men bortsett frå Lunde (og t.d Andenæs) er det ikkje flust av nordmenn som har reist til russisk handball. Fransk handball er også veldig på veg opp no med fleire storsatingar, men betyr det nødvendigvis at ein nøkkelspelar for Vipers vil dit?

Det er mange gode klubbar i Danmark, men eg ser heller ikkje for meg at t.d Reistad skal ende opp der gitt at Vipers held koken framover.

Kva Larvik har uttalt dei seinare åra bør ein ta med ei klype salt. Det verkar å vere store forskjellar på det som blir uttalt og det som er edrueleg. Larvik kan ikkje vere i ei konstant pengekrise der dei gang på gang er avhengig av innsamlingsaksjonar for å ikkje gå konkurs. Om dei får orden på ting og driv sunt, er det derimot berre positivt å få fleire gode norske lag opp på eit høgt nivå. Me har jo også Molde som satsar no i tillegg til Storhamar.

Eg applauderar at Vipers tør å satse på ein måte som er gjennomtenkt og bærekraftig. Dei har satsa stort sett på norske, unge spelarar som dei utviklar vidare. Sjå berre kor mange som er i EM-troppen no. Før denne sesongen henta dei ikkje ei aldrande superstjerne på hell med enorm lønningspose, men to talent frå Stabæk. Yttereng frå Byåsen. To av dei herjar litt i CL no, medan den siste er skada. Dette er veldig smart for framtida.

Noreg er verdens beste handballnasjon på kvinnesida. Me har mange gode spelarar, mange gode talent. Det er plass til meir enn eitt nasjonalt lag som kan kjempe i europeiske cupar. Larvik har mange ungjenter på laget. No hentar dei Løke. Viss det kjem smarte signeringar - og økonomien rekk - så kan dei løfte seg opp på eit bra nivå. Likevel trur eg at Vipers kjem til å vere vårt beste lag i ein del år framover. Og det er heilt greitt.

Magick62
Magick62Innlegg: 33
20.11.18 09:08

De trenger nok å forsterke litt på målvaktsplassen, er usikker på om  Eline Fagerheim holder godt nok nivå ennå. På den annen side, hvis hun får nok kamptrening, så kan det være hun overrasker.

Jeg tror Tonje Lerstad fra Byåsen kunne vært et godt tilskudd til målvaktsteamet i Vipers. Og det vil jo nesten være som å komme hjem for henne, med alle de ex-Byåsenspillerne som er i Vipers.

Felix_25
Felix_25Innlegg: 4300
20.11.18 12:19
Magick62: Det ene er at hvis de presterer bra, vil de beste spillerne bli kjøpt av storklubber i Europa, slik det skjedde med Kari Brattset. Da er det viktig at de er det foretrukne laget for norske talenter. Ellers kan gleden over suksess i CL bli kortvarig.

Her er du inne på et viktig poeng. Det å bygge opp en kultur og holdning i en klubb som gjør at spillerene blir, og at det blir skapt en kontinutet som gjør at man ikke mister tunge profiler etter hver sesong.

Her har Larvik vært enestående i en årrekke. De klarte å holde på de absolutt beste spillerene sesong etter sesong. Dette dreide seg ikke om å lokke med de beste lønningene, men en totalpakke som bestod av en helproff kultur hvor man tok vare på hele mennesket, ikke bare den sportslige biten.

Her håper jeg Vipers er i ferd med å bygge opp noe av det samme. Det er jo virkelig håndballfeber på Sørlandet så stappfulle tribuner bidrar jo sterkt til inntekter, og økt publisitet, som igjen generer sponsorer.

Jeg synes ikke at Vipers trenger ytterligere forsterkninger i utgangspunktet i første omgang. Man kan fort havne i en posisjon hvor du har flere store talenter som blir benkevarmere, og på sikt, misfornøyde. Man søker da andre klubber og muligheter. Synes at Ole Gustav rullerer nå fint på jentene han har, med kanskje unntak av målvaktsduoen. Synes Fagerheim kan få prøve seg enda mer enn de få minuttene hun faktisk får. Man skal også ha det økonomiske i bakhodet. Jo større og bredere tropp, jo større kostnader. Nå har jo Vipers dobbel-dekning på hver eneste posisjon.

Så får man bare håpe at for mange av jentene så er faktisk det sportslige viktigere enn millionene som eventuelt Gyør kan kaste på de. Det er jo ikke sånn at de får noe bedre matching i den ungarske ligaen. Det er vel kun 2-3 lag der som faktisk kan hevde seg internasjonalt, og CL erfaring får de jo i Vipers også.

Når det gjelder Larvik så tror jeg det jobbes iherdig med å bygge seg opp sten for sten igjen. Det første signalet om at det nå skal satses igjen er jo denfinitivt Løke signeringen. Styret og markedsjef Belsvik har informert om at det vil skje utskiftninger, og at et par-tre tunge profiler skal inn i klubben før neste sesong braker løs. Så kan man jo spekulere hvem og hva de har behov for, men det er iallefall betryggende å vite at de nå jobber beinhardt for å komme iallefall tilbake. Kulturen, apparatet og menneskene er jo der enda.

Så jeg håper og tror det er plass til 2 topplag i Norge. Hvorfor ikke? Det må også jobbes med en holdningsendring, og kanskje t.o.m et strengere lovverk rundt dette med signeringer av utlendinger. Det er ikke så fryktelig mange år siden klubbene hadde restriksjoner på hvor mange utlendinger de kunne ha på laget. Når dette ble opphevet så begynte jo den økonomiske dopingen, og forskjellene mellom klubbene begynte å bli veldig store.

Felix_25
Felix_25Innlegg: 4300
20.11.18 12:39
Hatleking: Eg applauderar at Vipers tør å satse på ein måte som er gjennomtenkt og bærekraftig. Dei har satsa stort sett på norske, unge spelarar som dei utviklar vidare. Sjå berre kor mange som er i EM-troppen no. Før denne sesongen henta dei ikkje ei aldrande superstjerne på hell med enorm lønningspose, men to talent frå Stabæk. Yttereng frå Byåsen. To av dei herjar litt i CL no, medan den siste er skada. Dette er veldig smart for framtida.

Jeg er enig og uenig. På nyåret kommer det 2 angolske spillere. Samtidig så er jo Vipers sin tropp stort sett besatt av jenter som ikke har noen som helst tilknytning til Sørlandet (med unntakav et par tre stk). Når du sier at de har hentet inn unge norske talenter så er det en sannhet med modifikasjoner. Spillere som Hegh Arntzen, Sulland, Tomac, Aune, Kristiansen, Waade har alle vært solide lenge før de kom til Vipers. Så til alle som har beskyldt LHK for å tappe Norge for de store "talentene", vel da kan man vel strengt talt si at Vipers kjører samme løp? Og til Larvik sitt forsvar så tappet ikke LHK den hjemlige serien i like stor grad (i forkant av 2010 sesongen hvor de ble vesentlig forsterket så returnerte Cecilie Leganger, Gro Hammerseng og Katja Nyberg alle sammen fra utenlandspill).

Sunniva Næs Andersen (Skien)

Emilie Hegh Arntzen (Skien)

Marta Tomac (Trondheim)

Linn J. Sulland (Oslo)

Jeanett Kristiansen (Drammen)

Malin Aune (Ranheim)

Mathilde Kristensen (Danmark)

Eline Fagerheim (Gjøvik)

Silje Waade (Stjørdal)

Josefine Intelhus (Bærum)

Henny Reistad (Oslo)

 

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
20.11.18 15:02
Felix_25: Jeg synes ikke at Vipers trenger ytterligere forsterkninger i utgangspunktet i første omgang. Man kan fort havne i en posisjon hvor du har flere store talenter som blir benkevarmere, og på sikt, misfornøyde. Man søker da andre klubber og muligheter. Synes at Ole Gustav rullerer nå fint på jentene han har, med kanskje unntak av målvaktsduoen. Synes Fagerheim kan få prøve seg enda mer enn de få minuttene hun faktisk får. Man skal også ha det økonomiske i bakhodet. Jo større og bredere tropp, jo større kostnader. Nå har jo Vipers dobbel-dekning på hver eneste posisjon. Så får man bare håpe at for mange av jentene så er faktisk det sportslige viktigere enn millionene som eventuelt Gyør kan kaste på de. Det er jo ikke sånn at de får noe bedre matching i den ungarske ligaen. Det er vel kun 2-3 lag der som faktisk kan hevde seg internasjonalt, og CL erfaring får de jo i Vipers også.

Dei tre spelarane eg nemnde er typar eg meiner Vipers treng for å ta vidare steg, og det utan å sprenge lønnsbudsjett. Alle dei tre er unge norske spelarar og passar inn i profilen til Vipers. Eg er med deg einig i at Gjekstad er flink til å rullere, og dette gjer jo at fleire i troppen vert nøgde. Til dømes har alle dei tre venstrekantane får spele ein del. 

Når det gjeld Fagerheim så veit nok Vipers kvar dei har ho. Dette er eit bra talent, men det er eit stykke opp til Lunde her. Det er difor eg har tenkt at det bør kome nokon mellom. Pedersen er eit bra alternativ i så måte, men det er jo også andre som kan ta den rolla.

Når det gjeld Györ så trur eg at den klubben 'alltid' vil vere den ultimate draumen. Så om Györ hentar spelarar frå Vipers, så kan Vipers vere stolt over å ha ein slik posisjon. Dette vil også gjere det enda meir interessant for ambisiøse spelarar å kome dit. Elles vil eg seie at den ungarske ligaen no må seiast å vere betre enn den norske.

Ungarn har nemleg Györ, verdens beste lag. FTC er også eit lag som alltid er oppi der og kjempar i CL. Det at Vipers klarte å knuse dei no sist vitnar heller om kor gode Vipers har blitt. Vidare er Siofók ein klubb som satsar tungt, og har stjernespelarar som Solberg og Kobetic. Erd er også ein bra klubb, og det var kjekt at Storhamar (vår nr 2 pt) klarte å slå dei. 

Eg trur uansett at det er eit potensial i den norske serien då me har så mange gode norske spelarar i tillegg til trenarkompetanse. Kva hadde skjedd om eit lag frå Bergen ville satse til dømes?  

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
20.11.18 15:11
Felix_25: Jeg er enig og uenig. På nyåret kommer det 2 angolske spillere. Samtidig så er jo Vipers sin tropp stort sett besatt av jenter som ikke har noen som helst tilknytning til Sørlandet (med unntakav et par tre stk). Når du sier at de har hentet inn unge norske talenter så er det en sannhet med modifikasjoner. Spillere som Hegh Arntzen, Sulland, Tomac, Aune, Kristiansen, Waade har alle vært solide lenge før de kom til Vipers. Så til alle som har beskyldt LHK for å tappe Norge for de store "talentene", vel da kan man vel strengt talt si at Vipers kjører samme løp? Og til Larvik sitt forsvar så tappet ikke LHK den hjemlige serien i like stor grad (i forkant av 2010 sesongen hvor de ble vesentlig forsterket så returnerte Cecilie Leganger, Gro Hammerseng og Katja Nyberg alle sammen fra utenlandspill). Sunniva Næs Andersen (Skien) Emilie Hegh Arntzen (Skien) Marta Tomac (Trondheim) Linn J. Sulland (Oslo) Jeanett Kristiansen (Drammen) Malin Aune (Ranheim) Mathilde Kristensen (Danmark) Eline Fagerheim (Gjøvik) Silje Waade (Stjørdal) Josefine Intelhus (Bærum) Henny Reistad (Oslo)

Det at det kjem to angolske spelarar er for meg litt spesielt, men uansett blir det spanande å sjå korleis det eksperimentet går. Det at det ikkje er så altfor mange sørlendingar på laget trur eg ikkje er så frykteleg. Dei fleste er nok klar over at det ikkje held med veldig mange lokale når ein har dei ambisjonane som Vipers har.

Når det gjeld 'tapping', så ser eg ikkje på det som eit veldig stort problem. Viss dei store talenta ikkje skal stagnere, så bør dei absolutt kome seg til betre klubbar. Hegh Arntzen er foreløpig eit spørjeteikn, men t.d Waade og Aune har hatt god utvikling i Vipers. Det er ein del god høgrekantar, men Aune har ikkje stått tilbake for nokon så langt i CL. 

Miksen av mange unge med nokre rutinerte til å gå føre er etter mi meining veldig god. Viss det var utlendingar Vipers satsa på, så hadde eg vore mykje meir skeptisk. Slik det er no, får dei norske håpefulle ein god arena å utvikle seg på. 

Og til eit tidlegare poeng om at det ikkje er naudsynt å hente fleire spelarar. Eg trur at Vipers heile tida ser etter måtar å bli betre på. Det defensive er noko som Vipers må jobbe med. Det kan gjerast på mange måtar, deriblant å hente ein spelar som passar perfekt i den profilen. Boge Solås er igjen ein meget lovande toveisspelar og allereie no ein fantastisk forsvarar. Eg skreiv om at Waade hadde vore perfekt for Vipers tidlegare. Vipers henta Waade. Så får me sjå om Boge Solås kjem til Vipers. Det håpar eg også for Boge Solås sin del. Eg trur ikkje at ho bør vere for lenge i Tertnes viss ho skal utvikle seg så langt som potensialet tilseier.

kibby
kibbyInnlegg: 36714
20.11.18 16:38
Felix_25: Så til alle som har beskyldt LHK for å tappe Norge for de store "talentene", vel da kan man vel strengt talt si at Vipers kjører samme løp?

Enig.

Magick62
Magick62Innlegg: 33
20.11.18 17:28

Mitt forhold til håndball var i alle år kun Larvik og kvinnelandslaget. Og jeg har alltid tenkt at det er bra at de beste spillerne kan samles for å danne et slagkraftig lag som kan kjempe i Europa. Slik tenkte jeg om Larvik den gang, og slik tenker jeg om Vipers nå. Bare synd at Larvik falt da Vipers endelig tok steget opp. Det hadde vært moro med to lag i europeisk toppklasse. Men jeg er usikker på om det er mange nok gode spillere i Norge til å kunne fylle to lag på det nivået.

meuande
meuandeInnlegg: 83
21.11.18 19:51
Magick62: Men jeg er usikker på om det er mange nok gode spillere i Norge til å kunne fylle to lag på det nivåe

Spørsmålet er vel heller om det er økonomi til det. Minuset med en kjedelig norsk serie er at tilskuere og interessen faller og dermed også inntekter. Derfor trenger vi en jevnere serie. 

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
31.12.18 14:21

For å ta ein liten oppsummering av det som har skjedd sidan siste oppdatering, så har det altså vore eit (skuffande) meisterskap der mange spelarar frå Vipers var i sving. Spesielt Aune og Reistad er verdt å nemne her, då begge desse her tok steget opp til å bli sjølvskrivne på det norske laget framover. Arntzen synst eg gjorde eit bra meisterskap ut frå forventningnane. Lunde var også bra, men totalt sett ikkje enorm. Tomac fekk nokre minutt utan å gjere så mykje ut av seg, og Waade kom seint inn i troppen og varierte også. Sulland var spelemessig ein stor skuffelse, sjølv om ho var god på straffene og også til tider var flink til å spele inn til linje.

Etter det var det no ein cupfinale som Vipers som forventa vann mot Storhamar. Like forventa var det nok at det neppe vart ein spesielt elegant kamp. Slik er det alltid i denne perioden. Første kampen etter jul er ofte merkeleg. Når så sju spelarar har vore vekke i samband med meisterskapet og nok er trøytte etter det, blir det slik. For dei som er redde for at Vipers no på magisk vis har blitt mykje dårlegare, så trur eg at ein kan slappe av. No får dei høve til å trene og kome tilbake igjen, og eg trur dei skal vere gode nok til å slå Krim i første CL-kamp 26. januar.

Gjekstad er forresten nok ein gang ute og snakkar om potensialet i laget. Final 4 verkar no veldig realistisk. Så er det sjølvsagt klårt at det er ting også ein kan ta tak i når det gjeld spelarstallen i framtida. Venstrekanten har lenge vore det knytta spørjemål til, men no synst eg dei er inne på noko veldig spanande. Alle dei tre venstrekantane er gode spelarar, og det er ingen vits i å hente noko nytt der.

Då vil eg heller sjå litt på bakspelarane. Per no er Reistad den beste bakspelaren dei har. Ho er ein spelar som eit kvart lag ville gledeleg tatt i mot, og det er bra. Tomac er ein bra backup- og rotasjonspelar. Sidebackane er ikkje heilt i CL-utfordrarklasse. På venstrebacken har både Kristiansen og Hegh Artnzen variert ganske mykje. Som før ville eg ha undersøkt moglegheita for å kunne hente Boge Solås frå Tertnes. Ikkje berre ville ho ha gjort forsvaret betre, men med veiledning frå Gjekstad trur eg også at ho kunne stabilisert seg på eit høgt nivå offensivt.

På høgresida står Sulland som eit førsteval. På sitt beste har ho eit veldig bra skot, men ho er også ustabil (som me kunne sjå i EM). Når ho heller ikkje står forsvar så er dette noko som gir Vipers ein ekstra utfordring i fleire kampar, i sær omgangane med det lange bytet. I Noreg har me tre stykk som ville løfta denne posisjonen: Mørk, Skogrand og Kurtovic. Om ein av desse tre er mogleg å hente, så burde nok Vipers prøve å gjere det. Kven av dei som er mest realistisk er ikkje lett å seie. Mørk er langtidsskada, men eg vil tru at ho kjem til å spele i Györ når ho er tilbake. Kurtovic er det same, men er det gitt at det blir CSM vidare? Skogrand gjekk til eit Herning-Ikast-lag som etterpå mista den største stjerna i Kristiansen. Ho vil nok likevel spele der når fødselen er unnagjort.

Ein har også Intelhus som først kjem i gang neste sesong, men ho vil nok ikkje vere der at ho får det største ansvaret uansett. 

Elles har eg ikkje høyrt meir om dei to angolske spelarane som skal kome på nyåret. Mogleg at det kjem meir informasjon om det snart.

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
08.01.19 14:29

Vipers vurderar å forlenge med Wibe. Ho har verka frisk når ho har spelt, så treng ikkje vere dumt. Men dette gjer jo at ein må lure på kva som skjer med dei angolske jentene som visstnok skulle vere på veg. Ei av dei er strekspelar, og fire strekar kan det ikkje vere sjølv i Vipers. Er dette eit teikn på at det kanskje ikkje blir noko av? I så fall bør Vipers sjå seg om etter ein høgrekant, for det er berre Aune dei har som er bra nok til å vere i troppen.

Stracqualursi
StracqualursiInnlegg: 3563
08.01.19 15:21

Hoho, håper virkelig de forlenger med Wibe !

Duverden73
Duverden73Innlegg: 555
08.01.19 19:38
Hatleking: va som skjer med dei angolske jentene som visstnok skulle vere på veg.

Det er vel greit klart at de ikke kommer. Det er vel allerede i høst uttalt at det er på hold på grunn av sykdom i familien til hun ene og siden det ikke har skjedd mer, blir det vel neppe noe av. Sesongen er jo allerede halvspilt, så når de ikke er kommet nå, så tviler jeg meget sterkt på at de noensinne kommer.

(Innlegget ble redigert 08.01.19 19:42)

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
26.01.19 16:30

Vipers vinn 25-24 borte mot Krim. Vipers er framleis ikkje på det nivået dei viste seint i fjor haust, men dei klarte det akkurat mot eit Krim-lag som trass alt er sterke heime. Så får ein håpe at Aune er tilbake snart, for det blir viktig. Tre spelarar som var ekstra i gode dag, var Waade, Næs Andersen og Kristensen.

Duverden73
Duverden73Innlegg: 555
26.01.19 16:42

Altså, det var så dårlig nivå på den kampen i dag at ingen av lagene fortjente få  poeng. Jøje meg, Vipers. Skjerpings!

kibby
kibbyInnlegg: 36714
26.01.19 20:40
Hatleking: Tre spelarar som var ekstra i gode dag, var Waade, Næs Andersen og Kristensen.

Hvorfor spilte ikke Vilde Jonassen?

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
27.01.19 01:17
kibby: Hvorfor spilte ikke Vilde Jonassen?

Det veit eg ikkje. Det var iallfall plass i kamptroppen, så har ikkje blitt vraka. Det er vel ikkje usannsynleg at ho kan vere sjuk. Skade har eg ikkje sett noko om.

Joey
JoeyInnlegg: 18437
27.01.19 09:20
kibby: Hvorfor spilte ikke Vilde Jonassen?

Skadet albuen på trening tidligere i uken. 

(Innlegget ble redigert 27.01.19 09:21)

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
30.01.19 18:15

Både Kristensen og Kristiansen går ut etter sesongen, noko som ikkje er veldig overraskande. Gjekstad uttalte at Kristiansen skulle erstattast med ei som er like god, så då er det berre å spekulere.

Personleg synst eg - som før - at Boge Solås burde vere eit naturleg mål her. Dette er ein annan type som ikkje har same hurtigheit som Kristiansen, men ho er betre på andre område. Valle Dahl på Molde er også spanande, men ho er under kontrakt og kan fort ville vere med på Molde-eventyret samen med Røkke-pengane og Helle Thomsen.

Felix_25
Felix_25Innlegg: 4300
31.01.19 09:28
Hatleking: Både Kristensen og Kristiansen går ut etter sesongen, noko som ikkje er veldig overraskande. Gjekstad uttalte at Kristiansen skulle erstattast med ei som er like god, så då er det berre å spekulere. Personleg synst eg - som før - at Boge Solås burde vere eit naturleg mål her. Dette er ein annan type som ikkje har same hurtigheit som Kristiansen, men ho er betre på andre område. Valle Dahl på Molde er også spanande, men ho er under kontrakt og kan fort ville vere med på Molde-eventyret samen med Røkke-pengane og Helle Thomsen.

Jeg er egentlig overrasket over dette. Jeg trodde de var veldig keene på å være med videre i Vipers-hegmoniet.

Håper Boge S blir i Tertnes. Hun betyr mye for laget, og det er godt at et lag fra Vestlandet er med i toppen av norsk håndball.

Valle Dahl får jo en veldig god trener i Molde, samt helt sikker en god nok lønn ;-)

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
31.01.19 13:24
Felix_25: Håper Boge S blir i Tertnes. Hun betyr mye for laget, og det er godt at et lag fra Vestlandet er med i toppen av norsk håndball.

Ho betyr ekstremt mykje for laget, men Tertnes er per dags dato eit utviklingslag. Eit lag som kjem høgt i serien, men som ikkje kjem til å satse veldig. Det er nok ikkje eit veldig høgt lønstak, det blir aldri CL-handball og folk går rett og slett vidare når dei er gode nok for det. Vilde Johansen skal til Herning-Ikast neste sesong.

På venstreback har Tertnes i tillegg Thea Stankiewicz som er eit stort talent. Boge Solås vil heller bli sakna defensivt, men Tertnes er ikkje ukjent med å miste nøkkelspelarar, og klarar som regel å hente seg inn att frå det.

For Boge Solås trur eg det er viktig å ta det neste steget inn i ein toppklubb òg. Høgare nivå på trening, kampar i CL, større sjanse for å kome inn på landslaget og så vidare.

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
04.02.19 11:53

Jeanett Kristiansen spelte kanskje sin beste kamp i Vipers no i helga. Potensialet er det ikkje noko å seie på. Det er stabiliteten og mentaliteten. Så kan me sjå om denne kampen var noko som ho byggjer vidare på, eller om ho dett litt tilbake igjen seinare.

Med sigeren mot Thüringer er Vipers nok høgst sannsynleg allereie i ein kvartfinale i CL. Det er sterkt. Kampen i seg sjølv var ikkje veldig sterk. Igjen slit dei med starten av kampane. Dette må lukast vekk til når dei møter dei verkeleg gode laga. Men det er framgang å spore i spelet, så det er ikkje urealistisk å håpe på at dei kjem i den same formen dei hadde før jul. Då er absolutt Final Four innanfor rekkevidde.

Felix_25
Felix_25Innlegg: 4300
06.02.19 10:59
Hatleking: Med sigeren mot Thüringer er Vipers nok høgst sannsynleg allereie i ein kvartfinale i CL. Det er sterkt. Kampen i seg sjølv var ikkje veldig sterk. Igjen slit dei med starten av kampane. Dette må lukast vekk til når dei møter dei verkeleg gode laga. Men det er framgang å spore i spelet, så det er ikkje urealistisk å håpe på at dei kjem i den same formen dei hadde før jul. Då er absolutt Final Four innanfor rekkevidde.

Artig å se Kristensen etter skaden også. Har virkelig blomstret inne på linja. Synd at de mister henne. Antar at Wibe er ferdig ved sesongslutt, så her trenger Vipers en ny strekspiller.

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
13.02.19 12:15

Her er eit lite intervju med Valle Dahl. Dette er toppscoraren i Eliteserien per dags dato. Ein veldig spanande spelar som er god både defensivt og offensivt. For å samanlikne er ho gjerne dårlegare defensivt enn Boge Solås, men betre enn Kristiansen. Av dei tre er ho akkurat no mest stabil og klinisk i skota sine framover, men har sjølvsagt ikkje farta og gjennombrotskrafta som Kristiansen har. Playmakereigenskapane til Boge Solås har ho nok heller ikkje per dags dato - dette er først og framst ein veldig solid skyttar. Men ho er ung og kan ta mange steg framover. Dette verkar også som ein spelar som kan klare å ta eit nytt nivå rimeleg kjapt.

 

Ein må eigentleg berre berømme overgangstaktikken til Vipers. No har dei altså heile fem spelarar frå LK98-landslaget, generasjonen som tok sølv i VM. Det har ikkje blitt stormannsgalskap med å prøve å hente inn avdanka utanlandske stjerner for store summar sjølv om dei no yppar seg mot dei beste laga.

Eit prosjekt som skal vare over tid må også gjere smarte val. Det å satse på unge norske stortalent er det desidert smartaste valet. Det fungerar fordi me har så mykje både kompetanse men også spelaremner i landet. Kvifor ikkje utnytte det? Så har ein også rutinerte bærebjelker i spelarar som Lunde og Sulland som er viktig for at det ikkje blir for ungt, ustabilt og uerfarent.

Så blir det spanande å sjå neste signering, for det er fleire som må inn. Målvakt bør inn og høgrekant må inn. Med Kristensen ut og også Wibe som det som verkar ei midlertidig løysing, så må det også inn minst ein strekspelar. 

larvikognorge
larvikognorgeInnlegg: 2466
13.02.19 13:34

Vipers - Gyør utsolgt på 7 min (bare noen ståplasser ledige). Glad jeg satt klar kl 10!
Blir en spennende kamp i fullsatt hall på hjemmebane for Vipers ihvertfall :D

 

kibby
kibbyInnlegg: 36714
13.02.19 16:52
Hatleking: Målvakt bør inn og høgrekant må inn. Med Kristensen ut og også Wibe som det som verkar ei midlertidig løysing, så må det også inn minst ein strekspelar.

Hvorfor målvakt? Du nevnte jo akkurat at Fagerheim er en del av jr.VM-sølv-jentene...

Hatleking
HatlekingInnlegg: 13428
13.02.19 17:28
kibby: Hvorfor målvakt? Du nevnte jo akkurat at Fagerheim er en del av jr.VM-sølv-jentene...

Fordi det er eit veldig stort hopp ned frå Lunde sitt verdsklassenivå til Fagerheim sitt. I enkle kampar i Eliteserien går det fint med Fagerheim, men når det kjem meir motstand så kjem det fram at ein bør ha meir å gå på. Kva om Lunde vert sjuk eller skada? Det blir også mange kampar på Vipers og ho vert ikkje yngre, men når det berre er to, må ho vere med i troppane uansett motstandar.

Viss Lunde har ein dårleg dag så står ho uansett, men viss det er ein som er iallfall ES-god, så kan ho faktisk bli litt avlasta også i større kampar. Eg har tidlegare føreslått Pedersen frå Byåsen som ein mogleg kandidat. Viss dei er lure så får ho uansett mykje speletid.

Klikk for å gå tilbake til toppen

Siste innlegg