Nye VGD er lansert! Mer informasjon

Handelskrig mellom Kina og USA?

Ifølge CNBC har Kina annonsert at de ilegger nye tollsatser på hele 106 nye produkter fra USA, inkludert soya, biler og kjemikalier. Sent tirsdag publiserte amerikanske myndigheter den fulle listen av produkter fra Kina som ilegges nye høye tollrater.

Ifølge Bloomberg har kinesiske myndigheter gjort det klart at de mener det siste tollutspillet fra Trump setter hele eksistensen til Verdens frihandelsorganisasjon (WTO) i fare

1
615 kommentarer
Trådvisning
Hele diskusjonen

Langveg

Handelskrigen mellom Sambandsstatane og Kina er så smått i gang:

Etter den drastiske usanske erklæringa om straffetoll på ei rad kinesiske produkt, svara Beijing på fredag med same mynt; avgift på 25% på 659 ulike produkttypar, sett i verk frå 6. juli over tre veker.

-Alle tidlegare avtaler som er tinga fram, vert sette ut av kraft, heiter det i ei fråsegn frå det kinesiske Handelsdepartementet- -Kina ynskjer ikkje å hamna i ein handelskrig, men i ljos av dei nærsynte tiltaka til Sambandsstatane, ser Kina seg tvinga til å ta i bruk handfaste rådgjerder.

Sume ser ei opptrapping i dei kinesiske tiltaka av di dei gjeld 30% av importen frå USA. medan dei usanske tiltaka hittil berre gjeld 10%. Men USA har varsla meir, og Beijing har sagt at dei kjem til å svara auga for auga og tann for tann. Enno har Sambandsstatane og Kina nokre veker på seg før handelskrigen er i full gang. I USA er det først og fremst landsbrukssektoren som vert råka, i Kina avansert teknologi.

Med Trumps drastiske tiltak for å redusera handelsunderskottet kan ein hevda at det ikkje lenger spelar større rolle om eit land er "ven" med USA eller ikkje. Straffetoll råkar mest like hardt som sanksjonar, boikott ol. EU og Kina kjem ikkje så svært mykje betre ut enn Russland og Iran.

1

Lignende temaer

Bilde

Aktuelt

Aktuelt

Bilde

Politikk - Norsk

Politikk - Norsk

Bilde

Koronaviruset

Koronaviruset

Bilde

Midtøsten

Midtøsten

Bilde

Terrorangrepet 22. juli

Terrorangrepet 22. juli

Laster...