ollutspillet fra Trump setter hele eksistensen til Verdens frihandelsorganisasjon (WTO) i fare

Her fall kommentaren bort: Det er eit utbreidt dogme at frihandel er til beste for alle partar, også arbeidstkarar. Ser ein på Europas økonomiske soge, oppdagar ein at det har veksla mellom frihandel og merkantilisme - tollvern om eigen produksjon. Og at det har vori utvikling og vokster også i periodar med høge tollmurar. Ein sosialistisk planøkonomi og harmonsik utvikliug av alle sektorar og område i eit land er avhengig av full kotroll med utanrikshandel. Mindre frihandel vil nok gje auka sysselsetiing for byråkratar og tollstellet, men det kan og gje arbeidsplassar i meir eller mindre slokna innanlandsk industri.

Kina er avhengig av ein stor og fri utanrikshandel, men landet vil truleg kunne kompensera innskrenkingar på sikt ved bilaterale avtalar og omlegging av ein del av industrien. Går vi ein øydeleggjande handelskrig i møte, eller dreier det seg berre om at merkantilsime igjen vert ein rådsande doktrine slik at utsett industriproduksjon i ei rad land igjen kan få levelege vilkår?

1

Kommentarer

Laster...