Fotball - Norsk
Slår full alarm om norsk fotball
Per Joar Hansen reiste ut for å finne ut hva Fotball-Norge gjør galt. Nå slår han full alarm.
Eg er sjølv trener for eit fotballag ein dag i veka. Frivillig forelder fullstendig uten fotballutdanning eller trenerkurs. Eg stiller på fordi klubben har ingen egne trenera. Heile treningsopplegget er laga av oss i trenerteamet uten innflytelse frå klubben vi "jobber" for. Vi i trenerteamet fortel barna kva dei skal øve på. Vi har aldri blitt kontakta av klubbledelsen angåande opplegget. Det finnes ingen raud tråd, ingen uttalte krav eller mål. Vi prøver å legge til rette for alle på lik linje, slik at alle skal få same utbytte av treninga uansett motivasjon eller ferdigheitsnivå.
Mange som kjenner seg igjen?
Det PJH sett lys på, vil mange ikkje annerkjenne som eit problem ein gang. Slik er det berre. Det forventes, nei, det kreves av oss foreldre å ta på oss ansvaret for fotballutdanninga til våre små. Kor god man kan bli er altfor tidlig å tenke på så kor godt utdanna foreldra er, er mindre viktig.
Dette er så inngrodd i grasrota at det skal ta mange år før noke blir endra. Men ein eller anna gong må man begynne å diskutere.
Enn så lenge skal eg prøve å hjelpe alle barna som kjem på trening til å ha det kjekt, og kanskje bli litt bedre for kvar gong ;)