Likestilling
Korleis bør ei kvinne vere?
Kanskje nokon syns eg er kresen, men eg har visse krav og standardar som eg meiner kvinner skal leve opp til.
Først og fremt må ein kunne stole på kvinna. Ei trulaus kvinne, eller tøs om du vil, gjer livet ditt til eit mareritt. Alle forhold må byggje på kjærleik og felles verdiar, og ein må respektere forskjellen mellom kjønna.
Eg likar at kvinna er flink til og halde orden i huset og at ho tek godt vare på barna. Ei kvinne som ikkje kan lage mat, er ikkje noko og ha. Å få middagen servert kvar dag bør vere ein kvar mann sitt privilegium. Sjølv syns eg også at det er behageleg å ha ny-strøkne skjorter i skapet til ei kvar tid, og ligg det ikkje svarte strømper og ny-strøkne boksarar i kommoden å bli eg skuffa.
Eg liker heller ikkje at kvinna er overvektig, eit kvart menneske burde ha vett nok til å ta vare å si eige helse. Ein tommelfingerregel burde vere at ei dame aldri burde vere over 65 kilo. Eg elskar kvinner som er sporty, har ein frisk utsjånad, og ei veltrent rumpe. Røyking er turn-off. Gule fingrar og tobakksånde er motbydelig. Eg liker og fine tenner, brune "kaffetenner" er ikkje bra.
Når eg er ute på reise, er det viktig for meg å vite at barna får hjelp med leksene og at skulearbeidet deira blir følgt opp. At maten dei får er næringsrik og god, og at dei kjem tidsnok på skulen og aktivitetar.
Kanskje eg er bortskjemt, men bør vi ikkje kunne forvente såpass av ei kvinne?