Politikk - Internasjonal
Kalde krigarar gjev seg ikkje
Sterke krinsar i Sambandstatane (og Europa) – med New York Times og Washington post i brodden – gjer alt dei kan for å versna tilhøvet mellom USA og Russland. Truleg har folk kring Trump også hatt kontakt med folk frå japansk, kinesisk, israelsk, fransk, britisk og tysk ambassade før valet – men det er det ingen som skrik opp om. Alle ambassadefolk driv på sitt vis etterrøking – dei rapporterer opi eller løynd til heimlandet. Det er berre om ein definerer Russland som ei fiendsleg makt at kontakt med russiske ambassadefolk er ”mistenkjeleg”.
Det mistenkjelege i den skitkastinga som no går føre seg, er at nokon i am. tryggingsteneste har lekt om samtalar, og det uheldige er at Trump kan kvia seg for å besna tilhøvet til Russland. Relasjonane mellom dei to landa kan verta til ein varm potet Trump og administrasjonen hans ikkje vågar ta i. Dei kalde krigarane kan få det som dei vil; rustningkappløpet halda fram og tilhøva Russland- USA gå mot bristepunktet. Ein får vona Trump har styrke nok og harde nok nervar til å gjera alvor av ynsket sitt om eit godt tilhøve til Russland.. ”Systemet” i USA lukkast som regel med å temja presidentane. Det gjeld dei fleste – også Obama- Berre Roosevelt er vel eit unntak. Det var først med Truman dei kalde krigarane igjen fekk overtaket – og sidan har hatt det.