Nye VGD er lansert! Mer informasjon

I eit intervju med ei brasiliansk avis/tidsskrift (Valor) sier sjefen for hæren, Eduardo Villas Boas bl.a. dette:Dei væpna styrkane i Brasil er svært uroa når det gjeld den politiske og sosiale stoda i landet. Dei slår fast at det er slutt på all sosial disiplin. Vi er eit land på glid, eit land som ikkje veit kva det vil vera. I 1970-80 åra hadde landet ein sterk identitet med sans for tiltak og utviklingsideologi. No har vi mist alt dette. Samfunnet er køyvd, og staten er underlagd sektorinteresser og ikkje folket.(ref. i den argentinske avisa Clarin)

Om desse utsegnene i rein Chavez-ande tyder på at hæren "ser seg nøydd til" å ta over makta, kan ein jo spekulera på. Sjølv har eg lite kjennedom om Brasil, men det er kan henda andre som veit kva som rører seg i folket og dei væpna styrkane for tida. Landet ser i alle høve ikkje ut til å vera komen inn på ein god veg. Kan ein venta at hæren vil ta over?

Om Eduardo Villas Boas finn ein ikkje stort andre opplysningar enn om militær karriere. Han har vori militærattasje ved den brasilianske ambassaden i Kina. Har det hatt noko å seia for hans syn på kva veg Brasil bør slå inn på?

1
4 svar

4 svar

Logg inn med Schibsted

Du må være innlogget for å svare på dette innlegget!

Gå til innlogging

Langveg

Veit ikkje korleis ein skal tolka dette jamvel om meininga er klår: Maior produtor do mundo, o Brasil cogita, pela primeira vez em quase 300 anos de história de cultivo, liberar a importação de café, sob protesto dos produtores nacionais. Abastecidas com grãos do tipo conilon, as sacas a caminho são principalmente do Vietnã, líder em produção dessa variedade, e podem chegar ao País nos próximos 40 dias.

For fyrste gong på mest 300 år skal Brasil importera kaffi mot protestar frå br. produsentar. Det gjeld fyrst og fremst typen conilon som i hovudsak vil koma frå Vietnam.

Tyder dette at det er skort på kaffi i Brasil p.t. eller er det eit uttrykk for den økonomiske liberalismen som no råder i dei styrande krinsar?

1

LANISTA84

Could you please do this in English?

1

Langveg

Nei

1

Lignende temaer

Bilde

Aktuelt

Aktuelt

Bilde

Politikk - Norsk

Politikk - Norsk

Bilde

Koronaviruset

Koronaviruset

Bilde

Amerikansk politikk

Amerikansk politikk

Bilde

Midtøsten

Midtøsten

Laster...