Er så Moe åleine om å tenkja som han gjer? Nei, i bladet Samferdsel nr. 5 i år har for-skar Arvid Strand ved Transportøkonomisk institutt (TØI) ein artikkel om nasjonal transportplan (NTP).
Artikkelen handlar mest om NSB, og overskrifta er «Mye til den som gjør lite.» Strand er lite imponert over kollektivsatsinga i NTP:
«Kanskje en passende interessevekkende overskrift kan være: Jernbanen tar seg av 10 prosent av de kollektivt reisende, men tilbys av staten om lag 80 prosent av de ressursene staten vil gå inn med i utviklingen av kollektivtransport på land.»
Då NTP for 2014-23 var lagd fram i april i år, varsla regjeringa at dei skulle auka investeringane med 50 prosent samanlikna med førre periode, frå 341 til 508 milliardar, og jarnbane, veg og kyst skulle få like stor prosentvis auke. Særleg viktig var storbysatsinga, sa regjeringa, der målet er at all transportauke skal takast kollektivt. Til dette skulle byane få ei «belønningsordning» på 2,69 milliardar i året eller 26,9 milliardar på ti år.
NESTEN INGENTING
Vel, skriv Strand, 2,6 milliardar er prisen for ti kilometer av bybanen i Bergen. Kor mykje skal så staten satsa på investeringar og vedlikehald av jarnbane i perioden? 170 milliardar. Og «for staten er kollektivtransport, nærmest synonymt med jernbane (...). Men som mange av oss vet: I kollektivtransporten er jernbanen bare lillesøster.»
I NTP slår staten fast at jarnbanen er transportmidlet for «store transportstrømmer». Det er enkelt og greitt ikkje sant. I Oslo tek buss 31 prosent, trikk/bane 47 prosent og tog 11 prosent. I Noreg totalt, og svært få stader er det T-bane, som er svært effektivt, tek buss 57 prosent, trikk/bane 19 prosent og tog 11 prosent. Fly og drosje er større enn NSB.
Buss og t-bane tek mest alt av kollektivtransport i Noreg og får altså berre ein sjettedel av det jarnbanen skal få til investeringar i NTP. Kan så kommunane kompensera for dette? Under førre transportplan gjekk den kommunale gjelda opp med over 400 prosent, så svaret ser ut til å vera nei. Er den enorme satsinga på tog «Rimelig?», avsluttar Strand artikkelen.