Det blir veldig rart å bruka eit eksempel som står for ein mikroskopisk del av nybilsalget.
Toppselgaren i februar var Ioniq 5. Prisen er frå ca. 500k. Det betyr at med MVA for bilar over 500k, så vil påslaget på denne bli maks 25000 kroner (med 100K i ekstrautstyr - noe som antakelig er i overkant for dei fleste).
Ein sjekk på topplista for nye bilar: https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/de-10-mest-kjopte-elbilene-blir-dyrere-1.15964893 viser at flesteparten får liten (maks 25000) eller ingen prisauke.
Det er legitimt å diskutera effekten av omlegginga, men då kan ein i det minste diskutera basert på volummodellar, ikkje på modellar som er kun for spesielt interesserte.