Nye VGD er lansert! Mer informasjon

Kor lenge bør eg sørge??

Den 27.oktober ble min kjæraste drept i ei ulukke, vi hadde vært eit par i nesten to år. Eg er 33 år, og blir jo ikkje yngre... Eg veit at han hadde villa at eg skulle gå vidare i livet mitt og være lykkelig -ikkje ødelegge livet mitt slik at to liv gjekk tapt. Det eg spør for, er att eg har møtt ein skikkelig hyggelig fyr, som var ein venn av min avdøde kjæraste, det var sånn vi møttest -han kom for å kondolere etter å ha vært i utlandet i månadsvis. Eg føler meg forsåvidt klar for eit nytt forhold, men er redd for folkesnakket... Eit kriterie for eit nytt forhold er jo at han forstår at den avdøde kjem alltid til å ligge mitt hjarte nær! Og kva for ein rubrikk skal eg krysse av i; singel eller enke???

1
14 kommentarer
Trådvisning
Hele diskusjonen

Godhjerta

For det fyrste vil eg få takke for alle trøstande og oppmuntande innlegg. TAKK, alle saman! :))

Elles vil eg berre seie at eg har det veldig godt. Familia til J tok det veldig godt når eg fortalde dei om S, eg gjorde det sjølv før rykter begynte å svirre i samfunnet. Og dei kjenner jo ham og veit kva slaga kar det er frå før. Litt slarv og ondskapsfullt prat har det jo vert, men ikkje så gale som nokon av oss hadde frykta. Sikkert fordi sånt blei hardt slått ned på av familie og vener. Idag har vi faktisk vert faddere til J's yngste syster 2. barn! Som er oppkalt etter J -etter min godkjenning.

Savnet etter J har eg sjølvsagt fortsatt -sjølv om eg har det kjempefint, kanskje kjem eg alltid til å ha savnet. Han var min sjelevenn, uannsett kor dumt det høyrest ut. Eg har som tidlegare nemnt at vi hadde det berre ubeskriveleg ilag. Men avogtil føler eg at eg tør ikkje sleppe følelsane mine lause, eg er redd han også blir reven vekk fort og brått. Sjølv om sjansane for det er ikkje på ein promille eingong... Men forhaldet vart er jo framleis ungt, det bedrar seg kanskje det også. Eg har også nokre gonger sagt kalt min nye ven for J, men det verkar mest som om han er litt kry over det... Raringen... :))

No kjem nok ei jul, men denne går nok mykje betre enn den i 2004. Men igjen; TAKK for all støtte!!

1

Lignende temaer

Bilde

Psykologi

Psykologi

Bilde

Seksualitet

Seksualitet

Bilde

Graviditet

Graviditet

Bilde

Jul og høytid

Jul og høytid

Bilde

Trening og Kosthold

Trening og Kosthold

Laster...