Nye VGD er lansert! Mer informasjon

Det er ein del oppslag om "mannegruppa" Ottar i VG for tida. Men er manne- ei godkjend førstelekk i norske ord? Det er tydeleg nok kalkert på kvinne-. Burde det ikkje heita mannfolkgruppe eller eventuelt det litt bleikare mannsgruppe? Men mannegruppe er kan henda rett i denne samanhangen, formannen er i alle fall ei pingle skal ein døma etter denne utsegna: – Du aner ikke hvor mange søvnløse netter jeg har hatt på grunn av denne gruppa.

1
13 svar

13 svar

Vi ønsker å legge til rette for en god debatt på nettsidene våre, og for å kunne sikre god moderering holder vi nattestengt mellom klokken 00.00 og 08.00.

Langveg

På godt gamaldags norsk kan ein seia at fire mann gjorde vinna (arbeidet), og då kan det vera kvinne(r) blant dei. Seier ein fire menn derimot, vert det noko anna. Mann er nøytralt og bør vera det i mest alle samansetningar, difor mannskap, manntal, formann, sysselmann, fylkesmann, talsmann osb. Det er vel difor ein seier mannfolk - for å få fram kjønet. Mannegruppe er berre klissent.

1

puma1

Det er vel difor ein seier mannfolk - for å få fram kjønet.

Men du seier vel kvinnfolk også? ;-)

1

Langveg

Ja, om eg tør. Kvinner er så hårsåre at mange av dei tek det negativt opp. Nett som med kjerring, som kjem av kar(l), slik woman kjem av man. Kjerringa mi, er godt norsk og faktisk hugsamt meint. Det hadde kan henda hjelpt å skriva kjerring med ein r, kjering (av karling)

1

puma1

Vi har også ordsammensetninger med bare mann-. Manngard, manndom, mannskap m.v.

1

Langveg

Ser at norsk ordbok godkjenner manne- på line med manns-, men kan ikkje finna andre ord med denne lekken enn mannefall - og då er vel -e- ein reduksjon av -a i fleirtal genitiv på gamalnorsk; mannafall.

PS. ei framføre godkjend førstelekk i det førre innlegget mitt er misprent for ein.

1

JudasT

Det finst då nøgda av manne-substantiv, ikkje minst i nynorsk:

mannebarn, mannebein, mannedaude, mannefall, mannefar, manneheim, mannekeng, mannekropp, mannelekam, mannemann, mannemilde, mannemink, mannemon, mannemål, mannevit, manneætt.

1

Langveg

mannekeng, mannekropp,

Mannekeng er lånt frå flamsk og tyder mansling. . Mannskropp er vel det vanlegaste og ikkje mannekropp. . Elles skulle eg helst ha sett mannamink osb.. (av gamal genitiv), men ei slik form går ikkje på bokmål. Mannegruppe verkar rett og slett stakkarsleg, kalkert på kvinnegruppe. Det heiter då vel helst mannfolkblad og ikkje manneblad. Med ei mannegruppe ser eg for meg ei tedrikkande gruppe som sit og kjenner på kjenslene sine og græt ein skvett om det skulle høva seg slik.

1

sanila

formannen er i alle fall ei pingle skal ein døma etter denne utsegna: – Du aner ikke hvor mange søvnløse netter jeg har hatt på grunn av denne gruppa.

Det kan også tenkes det er en menneske med samvittighet. Det er ikke pinglete at ha samvittighet.

1

Lignende temaer

Bilde

Religion og livssyn

Religion og livssyn

Bilde

Historie

Historie

Bilde

Vitenskap

Vitenskap

Bilde

Musikk

Musikk

Bilde

Reisetips

Reisetips

Laster...