anhaave Til Nøkkerosa, Eg finn innlegga dine særs interessante! Har funne ut at du m.a. har skrive om Førdefjorden og litt om Buddhismen og Kristendomen. Eg held på å fullføre ei bok som h...

Hei Andre` og takk for hyggeleg og noko uventa kommentar frå deg :-)

No veit eg ikkje akkuratt om eg kan bidra noko særleg sånn kulturhistorisk sett om Førdefjorden. Men eg kan jo litt omkring dette planlagde fjorddeponiet som eg finner heilt forkasteleg for å seie det mildt. Og eg trur ikkje framtidas generasjonar vil takke oss for å øydelegge deiras "matfat" for å seie det slik...

Men om du vil so kan eg jo "slå på tråden" so kan vi ta ein prat ?

1

Hei igjen Nøkkerosa,

Først av alt: Takk for raskt svar!

Er du sjølv frå Førdefjorden-området eller Sunnfjord?

Eg er på jobb til klokka 15 i dag, men ring meg gjerne etter klokka 16:30 i ettermiddag. Eg har fri til tysdag, så vi kan snakkast i helga eller på måndag om det høver betre. Telefonnr. mitt er: 97511810.

Beste helsing,

André Haave

1
nøkkerosa [sitat…] Eg har liksom tenkt at hjernen er ei slags fysisk skapt "maskin", og at bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen" (ufysisk?) og kan klare å styre "maskina" til å...

og at bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen" (ufysisk?)

Hm. Interessant.

Prøv å ta vekk den fysiske hjernen og sjå etter kva fysisk eller ikkjefysisk medvit ("bevisstheit") du sit att med, da vel.

Kva vart resultatet?

Mvh

BE

1
nøkkerosa Resultatet vart at : Tar ein vekk hjernen so dør ein (fysisk). Tar ein vekk bevisstheita frå hjernen blir ein ubevisst og "dør" (ufysisk)...... (slik eg "ser" det..)

Først: Eg legg merke til parentesen til slutt, og den får du kred for.

Så: Eg ser inntil vidare bort frå 2. setningen i innlegget ditt (fordi den er mindre interessant - som sagt; inntil vidare).

Du skriv:

"Resultatet vart at : Tar ein vekk hjernen so dør ein (fysisk)."

Det er sjølvsagt heilt rett.

Og kor er medvitet ("bevisstheita") da? Meiner du at eit svært personleg medvit ikkje avheng av noko fysisk lekam og dermed ikkje er personleg likevel, slik at medvitet til hr. Adolf like gjerne kunne vore i deg???

Korleis det nå er, så har eg litt vanskeleg for å tru at du meiner det, rosa. Eg har vore inne på det før: du bør tenkje deg om før du skriv innlegg. Det ein skriv, kan finne på å tverrsnu i døra og fike til ein midt i fjeset. Et er spent på di "løysing" på dette.

Mvh

BE

1
BlackEagle Først: Eg legg merke til parentesen til slutt, og den får du kred for. Så: Eg ser inntil vidare bort frå 2. setningen i innlegget ditt (fordi den er mindre interessant - som sagt;...

Eg ser inntil vidare bort frå 2. setningen i innlegget ditt (fordi den er mindre interessant

2 setningen i innlegget mitt var : "Tar ein vekk bevisstheita frå hjernen blir ein ubevisst og "dør" (ufysisk)"

Om du ikkje finner denne interessant so fattar du ikkje "bæret" av det eg skriver om...

1
nøkkerosa [sitat…] Kor medvitet er etter at vi dør anar eg ikkje. Anar du?

Hallo... det er DU som seier:

"bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen" (ufysisk?)"

- og nå seier du brått at du ikkje anar likevel? Eg trur neppe at eg er den som skal svara på spørsmål her...

Spør DEG SJØLV, rosa. Sjå kva oppfatningar du har utan å tenkje deg om. Synest du ikkje at du nå snart bør byrja å tenkje deg om?

Mvh

BE

1
BlackEagle Hallo... det er DU som seier: "bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen" (ufysisk?)" - og nå seier du brått at du ikkje anar likevel? Eg trur neppe at eg er den som skal s...

Hallo... det er DU som seier:

"bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen" (ufysisk?)"

- og nå seier du brått at du ikkje anar likevel? Eg trur neppe at eg er den som skal svara på spørsmål her...

Du er som ein "slange" som vrir og vender på det eg skriver til det blir mest uigjenkjenneleg..

Det du siterar frå meg ("bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen" (ufysisk?)") handlar om bevisstheita sin funksjon inne i ein LEVANDES hjerne (og also IKKJE om bevisstheita etter at hjernen er fjærna.....for då er jo hjernen dau og utan bevisstheit, som eg jo spesifiserte med orda: "Kor medvitet er etter at vi dør anar eg ikkje. Anar du?" (eit spørsmål til deg du ikkje eingong brydde deg med å svare på)

Og det eg skreiv:"Tar ein vekk bevisstheita frå hjernen blir ein ubevisst og "dør", bryr du deg heller ikkje om ....for du forstår ikkje det eg skriver...

So når du no seier: " og nå seier du brått at du ikkje anar likevel? Eg trur neppe at eg er den som skal svara på spørsmål her..." so er dette du her skriver tatt fullstendig ut av samanhengen med det eg opprinneleg skreiv. For eg snakka om bevisstheita i livet og i ein levandes hjerne (og ikkje etter døden type ting..)..

Men du forstår meg tydlegvis ikkje...

1
nøkkerosa [sitat…] Du er som ein "slange" som vrir og vender på det eg skriver til det blir mest uigjenkjenneleg.. Det du siterar frå meg ("bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen"...

Du er som ein "slange" som vrir og vender på det eg skriver til det blir mest uigjenkjenneleg..

Da må du uttrykkje deg meir presist slik at det ikkje blir råd å vri og vende på det du skriv, rosa.

Dét - har eg ôg sagt før.

Men skal du klare det, må du tenkje før du skriv. Etterpå er det for seint.

Tenk over kva du vil skrive.

Tenk over om du eigentleg meiner det du har skrive.

Tenk over korleis det kan bli oppfatta.

Tenk over kva eventuelle motargument du vil få.

Tenk over om enkelte av dei motargumenta inneheld poeng.

Tenk så over om du kunne skrive det annleis.

Tenk til slutt over om du kan bli misforstått.

Tenk heilt til slutt over ein gong til om du kan bli misforstått.

Tenk deretter over om du enda ein gong skal endra på noko i det du har skrive.

Mvh

BE

rådgjevar

2
nøkkerosa [sitat…] Du er som ein "slange" som vrir og vender på det eg skriver til det blir mest uigjenkjenneleg.. Det du siterar frå meg ("bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen"...

Det du siterar frå meg ("bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen" (ufysisk?)") handlar om bevisstheita sin funksjon inne i ein LEVANDES hjerne (og also IKKJE om bevisstheita etter at hjernen er fjærna.....for då er jo hjernen dau og utan bevisstheit, som eg jo spesifiserte med orda: "Kor medvitet er etter at vi dør anar eg ikkje.

Kva meiner du da med:

"bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen""?

Mvh

BE

1
BlackEagle [sitat…] Kva meiner du da med: "bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen""? Mvh BE

"bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen""?

Hvis jeg får lov til å mæle, vil jeg her si at det er fullt mulig at kroppen(muskler og nerver og sener og hud med mer) kan huske ting som hjernen ikke har registrert eller har forskjøvet.

Høres det ut som om galematias er ute å vrøvler? Hukommelsen kan sitte i kroppen også, selv om hjernen ikke har registrert det. Men merk at kropp og hjerne er fast tilknyttet hverandre.

2
BlackEagle [sitat…] Kva meiner du da med: "bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen""? Mvh BE

Kva meiner du da med:

"bevisstheita er meir den som "sitter inni hjernen""?

For å seie det enkelt so tenker eg at bevisstheita er det som gjerne blir kalla "Eg er" følelsen, den som på ein måte opplevar det vi kallar "livet". Den er vårt "indre lys", vår "indre sol" , "sjelas auge", ein usynleg sans, ein observatør og eit slags "utsiktspunkt". Og det er den som "ser" dei uregjerlege/flyktige tankane ("sinnet"), og hjelper oss å fokusere (bli oppmerksom på/filosofere over) dei ulike tankebanene og korleis vi tenker/reagerar/handlar i gitte situasjonar. Den har og samanlikningsevne samt at den brukar intelligensen som sitt "verktøy" til å lære meir (om seg sjølv og naturen elles).

Men bevisstheita er og ein slags naturleg elektromagnetisk energi (kraft/livsgnist) trur eg. Og forøvrig trur eg også som Strandereng at bevisstheita strekker seg utafor hjernen (som ein usynleg "hjernesans") til heile kroppen (på cellenivå) . Og at det som blir kalla auraen rundt kroppen vår, er eindel av dennes "energifelt". Den er og ein slags "hjertesans" f.eks ifm empati/medfølelse med andre.

Vel det var nokre tankar eg klarte å formulere til ord vha bevisstheita, etter å ha tenkt meg litt om. Men dette er jo berre slik eg har tenkt meg det foreløbig, angåandes kva bevissheit eigentleg er for noko.

Men dette med bevisstheita er eit vanskeleg tema, for det er noko defuse greier alt dette (rare) som hjernen vår driver med.....

Og for å igjenta det Strandereng sa so godt: "Hjernen er ein lur rev.."

1
Laster...